"Romsdalshorn" selt for 840 000

På haustauksjonen til Blomqvist Kunsthandel i Oslo måndag vart Eckersbergs måleri "Romsdalshorn" selt for 840 000 kroner.

Romsdalshorn
Foto: Foto

Dei store salsobjekta på auksjonen var Edvard Munchs fargetresnitt "To mennesker. De ensomme" som gjekk for over 8 millionar kroner og Adolph Tidemands måleri "Bestefaderens erindringer" som blei selt for 3 millionar.

Vekte oppsikt

Men auksjonshuset Blomqvist er også svært nøgd med at Johan Fredrik Eckersbergs bilete "Romsdalshorn" frå 1867 oppnådde ein så høg pris som 840 000 kroner. - Det vekte oppsikt på visninga no i helga, fortel Martin Biehl, administrerande direktør i Blomqvist. Der var mange av toppane i norsk kulturliv og næringsliv til stades, og Romsdalsbiletet var eit sterkt blikkfang. - Det er eit bilete du ikkje kan gå forbi. Landskapet er imponerande, og så har biletet eit spesielt lys over seg - det er som om lyset kjem innanfrå, seier Biehl.

Hovudmotiv

Utsikta frå nordsida av Isfjorden mot Venjetindane og Romsdalshorn er eit hovudmotiv hos Eckersberg(1822-70). Han måla ei rekkje versjonar av dette motivet. Høgst i pris kom versjonen som blei seld våren 2000 - også hos Blomqvist - for 2 375 000 kroner. Då var det to kjøparar som begge absolutt ville ha biletet og baud kvarandre opp til denne uhøyrde prisen.

Dei fleste versjonane av dette Eckersberg-motivet er i privat eige, men to heng i kunstmusea i Trondheim og Lillehammer. Eit noko annleis motiv, men også det med Romsdalshornet i sentrum, heng i Nationalmuseum i Stockholm. Måleriet i Lillehammer kunstmuseum blei utlånt til Statsministerens kontor i begge periodane Kjell Magne Bondevik var statsminister. Ein svært stor versjon av motivet heng i vestibylen på Grand Hotel Bellevue på Åndalsnes.

Martin Biehl
Foto: Aas, Erlend / SCANPIX

Blomqvist har endå eitt

Blomqvist har endå ein versjon av Eckersbergs Romsdalshorn-motiv, og det kjem på juleauksjonen 13. desember. Martin Biehl trur at prisvurderinga blir om lag den same som for biletet som blei selt måndag. - Prisane er høge for tida, og når prisane er høge, kjem også dei gode bileta på marknaden, seier Biehl.

Nasjonalmuseet

Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design (som også omfattar Nasjonalgalleriet) har ingen av Eckersbergs Romsdalshorn-bilete, og det synest Martin Biehl er synd. - Slike bilete burde vore tilgjengelege for folk flest, men musea har ikkje råd til å kjøpe dei dyraste bileta, seier han.