Gløym "hole-in-one". No heiter det "rett-i-holet". Og du spelar ikkje golf på "greenen" i Noreg. Du spelar på "grønna".
Vinnar frå Ulsteinvik
Ingebjørn Røren frå Ulsteinvik hadde dei beste forslaga til norske golford. Han vann dermed konkurransen som Nynorsk kultursentrum har arrangert saman med NRK P2. Vinnaren blei kunngjort i direktesending på NRK P2 fredag morgon 1. juli. Prisane blir delte ut i Volda laurdag ettermiddag.
Rett-i-holet
Juryen fall for forslaget frå Ingebjørn Røren og Torfinn Slettebø på Skulestadmo om at hole-in-one bør heite rett-i-holet. Juryen deler også ut ”det enkle er det beste”-prisen til Ingebjørn Røren og Rune Strømmen frå Volda for forslaget om ”grasgaffel” for ”greengaffel”.
Golballen er klar. Blir det rett-i-holet på grønna ?
Grønna
Juryen deler også ut ein heiderspris utanfor konkurransen til Amund Ekroll og medspelarane hans i Colorado, USA, som over lang tid har spelt golf på norsk i USA og konsekvent kallar ”greenen” for ”grønna”.
Nynorske festspel
Konkurransen blei arrangert av Nynorsk kultursentrum i samarbeid med NRK P2, og er ein del av turneringa Dei nynorske golfspela under Dei Nynorske Festspela i Ørsta og Volda denne helga.
Imponert
Juryleiar Ottar Grepstad seier i ein kommentar at juryen var imponert over den språklege fantasien og innsikta i golfsporten som kom til uttrykk i mange av forslaga. – Vi har premiert forslaga i stort alvor og med glimt i auga. Vi har lagt vekt på funksjonalitet og at orda er meiningsberande og klargjerande. Dessutan har vi teke omsyn til at nokre uttrykk alt er godt innarbeidde i munnleg form, seier Grepstad.
Slaglengd og treningsfelt
Juryen har blinka ut tretten ord som dei meiner bør takast i bruk jo før, jo heller. Dei vil mellom anna at ”slaglengd” avløyser ”carry”, at ”driving range” blir ”treningsfelt”, at ”greenen” blir ”grønna” og at fulltreffaren ”hole-in-one” enkelt og greitt er ”rett-i-holet”.