Hopp til innhold

«Remøy» får millionbot frå Russland

Den norske reketråleren «Remøy» låg arrestert i Russland i 24 dagar. No må rederiet og kapteinen ut med 30 millionar, ifølge domsslutninga frå russisk domstol.

Remøy holdt tilbake av FSB i Murmansk

ARREST: «Remøy» låg arrestert i Russland i 24 dagar, fordi russiske myndigheiter meinte dei fiska ulovleg. Dei kravde 90 millionar i kausjon, men slapp etter kvart båten og mannskapet ut av landet utan betaling.

Foto: Bård Wormdal / NRK

– Vi er skuffa over resultatet, seier Richard Bjerk.

Richard Bjerk

I MURMANSK: Richard Bjerk er advokaten til reiarlaget. Han har vore til stades på begge rettsmøta i Russland, og er overraska over domsslutninga.

Foto: Wikborg Rein

Han er advokaten til reiarlaget og var på veg frå rettsmøtet i Murmansk då han uttalte seg til NRK.

– Remøy Havfiske AS blir dømd til ei bot på 139.139.751 RUB. For kapteinen er beløpet vel 69.500.000 RUB, seier Bjerk.

Omgjort til norske kroner er dette om lag 30 millionar.

– Denne saka har fått heil uante konsekvensar, også fordi båten låg arrestert i 24 dagar.

Ikkje ein dom enno

Bjerk understrekar at dei ikkje har fått dommen, men ei domsslutning.

Ifølge advokaten betyr det at dei har fått målt ut straff i form av bøter, men enno ikkje fått grunngivinga for kvifor bøtene blei det dei blei.

Enn så lenge kan ikkje Bjerk svare på om dei vil anke dommen når den kjem.

– Vi vil vurdere situasjonen i samråd med våre russiske advokatar når heile dommen ligg føre, og då får vi sjå om vi skal angripe den med anke.

Myndigheitene burde rydda opp

Advokaten er overraska over at det i det heile tatt enda med bøter. Sidan problemet stammar frå det han kallar ein bagatellmessig feil av Fiskeridirektoratet.

– Det burde blitt ordna opp i mellom norske og russiske fiskerimyndigheiter, seier Bjerk.

Skjemaet som blei feil

FEILEN: Feltet som Fiskeridirektoratet seier dei gløymde å fylle ut, har skapt store problem for reketrålaren «Remøy». "SHR" refererer til felleskvoten for reker i russisk sektor. Det står tomt, medan det ved ein feil er fylt ut for både torsk, hyse, blåkveite og steinbit. (Faksimile)

Foto: NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL