Hopp til innhold

Mista motorkrafta og gjekk i fjellveggen

Ferja «Rauma», som går i trafikk mellom Aukra og Hollingsholmen, gjekk torsdag kveld på land ved Hollingsholmen.

SISTE INFO FRÅ FJORD 1 MRF: Det vert alternativ rute mellom Mordalsvågen-Solholmen, Mordalsvågen -Aukra. Avgang frå Mordalsvågen kl 00.00, Solholmen kl 00.15, Mordalsvågen kl 00.30 og Aukra kl 01.00.

Like etter halv ni torsdag kveld gjekk ferja frå Fjord 1 MRF rett på land ved Hollingsholmen.

Håvard Valderhaug skulle ta ferja klokke kvart på ni til Aukra, men vart i staden vitne til at ferja brasa i land.

– Eg sat fremst i køen og såg at ferja kom på feil side av moloen, seier Valderhaug til NRK.

LES ÒG:

Valderhaug fortel at det er første gong han tek ferja herfrå, men at han raskt forstod at kursen ferja hadde mot land ikkje kunne vere rett.

Ferja gjekk rett i fjellveggen.

– Ho glei litt tilbake etterpå, og det rauk veldig ei stund, fortel Valderhaug.

Ingen personskader

Trafikkvakta Kurt Werner Holsæter hjå Fjord 1 MRF fortel at ferja frå sambandet Solholmen – Mordalsvågen kom til og slepte «Rauma» til kai. Det er ikkje klart kva som er årsaka til samanstøyten eller kva skader ferja fekk.

Ingen passasjerar skal ha blitt skadd. Operasjonsleiar ved politiet i Nordmøre og Romsdal opplyser like over klokka 22:00 at ferja «Nordmøre» har fått «Rauma» trygt inntil kai.

LES ÒG:

Løysinga vert trekantsamband

Begge ferjerutene er inntil vidare innstilt, men Fjord 1 MRF etablerer eit trekantsamband mellom Aukra, Solholmen og Mordalsvågen utover kvelden og natta.

– Det var 45 passasjerar og ein del bilar om bord som me no driv og lossar ved Hollingsholmen ferjekai. Det er ein kontrollert situasjon der ute no, fortel Kurt Werner Holsæter til NRK torsdag kveld.

Ferjeselskapet håpar å ha ei reserveferje på plass i løpet av natta, slik at dei kan ta opp att ruta fredag morgon.

Politiet varsla

Fjord 1 MRF opplyser i ei pressemelding at det var 45 passasjerar, 22 bilar og eit mannskap på fem om bord i ferja då ho gjekk på land.

Årsaka til at ferje mista motorkrafta er ikkje kjent og politiet er rutinemessig varsla om hendinga, opplyser reiarlaget.