Hopp til innhold

«Rapp» går sin siste tur

Sundbåten «Rapp» går fredag sin aller siste tur i Kristiansund.

Sundbåten Rapp i Kristiansund

Sundbåten «Rapp» skal leggast til kai for godt.

Foto: Sundbåten

Den velkjente Sundbåten «Rapp» i Kristiansund vert teken ut av drift fordi det vert for dyrt. Tidens Krav var ført ute med å omtale saka.

Sundbåten har til no hatt tre båtar i drift, MS Angvik, MS Framnæs og MS Rapp. Men på grunn av økonomiske rammevilkår i det kommunale budsjettet må den eine båten avviklast.

Har ikkje nok pengar

Sundbåtstyret har berre pengar til å drive to slike båtar og derfor vert den eldste båten med mest vedlikehaldsbehov teken ut av teneste.

– Vi må ta bort «Rapp» fordi det er ikkje plass til tre båtar i budsjettet, men passasjerane vil ikkje merke dette, seier Susanne Kirk Lossius, dagleg leder i
Sundbåtvesenet.

Sundbåten har mellom 86–90 000 passasjerar kvart år. I tillegg til den vanlege ruta vert båtane brukt til blant anna hamnecruise.

Vil du vere med på «Rapp» sin siste tur på hamna i Kristiansund må du møte opp på Piren klokka 17.15.

Sundbåten Rapp, Kristiansund

Sundbåten «Rapp» skal avviklast. Men du har framleis sjansen til å vere med på tur.

Foto: Else-Karin Ulvenes