Høgste prioritet
–Per i dag er det utpeikt fem personar som skal jobbe med saka, og den etterforskingsgruppa vil bli dimensjonert til eikvar tid etter behovet, seier Brudevoll.
Politiet trur dei er i ferd med å avsløre ein lokal amfetaminliga på Nordmøre og i Romsdal. Tre menn er hittil sikta og varetektsfengsla i fire veker: To menn på 18 og 19 år frå Eide og ein 34 år gamal mann frå Fræna.
Slik ser eitt kilo amfetamin ut. (Illustrasjon)
To kilo amfetamin
Politiet er svært tilbakehaldne med opplysingar om beslaget utover å seie at det er det største amfetaminbeslaget som nokon gong er gjort i politidistriktet.
–Det skuldast delvis at beslaget ikkje er analysert hos Kripos, og dels omsyn til etterforskinga, seier Brudevoll.
Men kjelder seier til NRK at beslaget skal bestå av vel to kilo amfetamin og mindre mengder andre narkotiske stoff, blant anna 300 ecstasy-tablettar.
Vedgår ikkje straffskuld
Alle dei tre pågripne skal vere kjende av politiet frå før, men vedgår ikkje straffskuld i den alvorlegaste delen av siktinga.
Steinar Wiik Sørvik.
Steinar Wiik Sørvik i Kristiansund som er oppnemnd som forsvarar for den yngste av dei sikta, den 18 år gamle mannen frå Eide, seier klienten hans hevdar han er uskuldig i det alvorlegaste punktet i siktinga.
–Han har ut frå det som ligg føre godteke varetektsfengsling i fire veker fordi han vil at politiet skal få undersøkt saka og eventuelt sjekka han ut av saka på eit seinare tidspunkt, seier Wiik Sørvik.
Politiet jobbar altså for fullt med saka og utelukkar ikkje at fleire kan bli pågripne.