Hopp til innhold

– Molde treng mindre og billegare leilegheiter

Milliardprosjektet Grand Fiære med utbygging av 350 bustader i vasskanten i Molde er lagt på is. Marknaden har behov for rimelegare og mindre leilegheiter, trur eigedomsrådgivar.

Grand Fiære Utvikling

Slik var bustadane i Grans Fiære tenkt. No er prosjektet lagt på vent.

Foto: Grand Fiære Utvikling

Grand Fiære skulle bli det største bustadprosjektet i Møre og Romsdal med 350 leilegheiter i sjøkanten i Molde. Bygginga var kostnadsrekna til to milliard kroner. Førre veke vart det kjent at dei storslåtte planane er lagt på vent.

– Det er tidene vi er inne som gjer at vi må vente. Prosjektet er så stort at det krev at mange løfter i flokk. Store aktørar må vere med oss i ei slik satsing, seier Stein Berg Oshaug.

Peder Normann Raknes

Peder Normann Raknes meiner det er behov for mindre og billegare leilegheiter.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Molde treng bustader

Rådgivar innan eigedom, Peder Normann Raknes, synest det er synd at store bustadprosjekt som Grand Fiære blir lagt bort.

– Molde hadde hatt god brukfor bustadane i Grand Fiære-prosjektet og bustadmarknaden ynskjer dei velkomen tilbake når neste høve byr seg, seier Raknes.

Slik marknaden er no, er det vanskeleg å satse på store prosjekt, fordi det det er så store kostnader til blant anna infrastruktur, før salet er gjennomført, meiner Reknes.

Vil ha mindre leilegheiter

I åra som kjem har Molde behov for små leilegheiter. Det viser undersøkingar både frå kommunen og Husbanken, men i dei nye bustadprosjekta i Molde er det mange kostbare og store leilegheiter. Reknes trur ikkje utbyggjarane fullt ut har tatt innover seg at behovet har endra seg.

– Utviklinga har skjedd rimeleg fort. Behovet har endra seg frå store leilegheiter til mindre, seier Reknes. Han har tru på at prosjekt med billegare og mindre leilegheiter vil lukkast. Molde kommune har ferdigregulert areal til 1300 bueiningar.