Minedykkarar frå Forsvaret kom frå Håkonsvern i dag for å undersøke funnet nærare.
Etter å ha fått gjenstanden til overflata i formiddag, kunne dei slå fast at det var eit ølfat og ikkje ein farleg gjenstand.
Mannskap frå Forsvaret løftar gjenstanden på land. Foto: Omar Sejnæs.
Kunne vore farleg
Folka frå Forsvaret meiner likevel det var bra at det blei gitt beskjed om funnet fordi det kunne vore ei mine. For tida foregår det dessutan arbeid i området ved Storkaia i samband med den omfattande utbygginga der.
Bjørn Ove Angvik ved funnstaden. Foto: Omar Sejnæs
Hamnefogden i Kristiansund har truga med å anmelde Bjørn Ove Angvik, som melde frå om gjenstanden, for ulovleg dykking i hamnebassenget, noko han reagerer kraftig på.