«Meteorittfunn» var asfalt
Den 11 kg tunge steinen som vart funnen i Ørsta i juni, viser seg å vere asfalt. Ein hobbyastronom trudde det var ein meteoritt. No har Hans Arne Nakrem, professor ved Naturhistorisk museum i Oslo, undersøkt småbitar av steinen. Ein test viste at det var asfalt.