NRK Meny
Normal

«Masekopp» vil vite meir om Jetmundkyrkja

Han omtalar seg sjølv som masekopp. Håvard Klyve Parr er historikar og researchar som no har fått i oppdrag å finne ut mest muleg om Jetmundkyrkja på Åheim, i heimkommunen Vanylven.

Skal finne ut meir om Jetmundkyrkja på Åheim.

Det er Åheim bygdeutvikling som i første omgang har sett av 60 000 kroner til dette prosjektet. Dei kjem og til å vere med å støtte finansiering av ei bok om Jetmundkyrkja. Noko som kan verte det mest konkrete som kjem ut av denne satsinga.

Jermund Rekkedal

Jermund Rekkedal i Åheim bygdeutvikling.

Foto: Arne Flatin / NRK

Jermund Rekkedal er med i Åheim bygdeutvikling. Han er leiar for dette prosjektet og er spent på kva som kan kome ut av dette prosjektet. Det vil vere detaljar i historia om Jetmund-kyrkja som dei med dette kan få endå betre på plass.

Knyt saman myter

- Vi ser no sjansen til å få knytt saman mytene som vi har gåande på folkemunne. Det er mange ting som på ein måte ikkje har vore sett i system. Noko er kjend frå før, og vi er heldige som har skrivne kjelder. Likevel er det spennande alt det som ikkje er skrive ned.

Til dømes kva hadde olivinforekomsten å seie. Hadde det samanheng med at vikingane då kunne lage skikkelege stålsverd? Nokre påstår det.

Kva med den heilage kjelda som skal ha vore her? Dette er ganske nye opplysningar, seier Rekkedal.

"Masekopp" skal få fram ny informasjon

Håvard Parr kjem frå Fiskå i Vanylven og er difor godt kjend med historiene rundt kyrkja på Åheim i same kommune. Han jobbar og bur i Bergen, men tek turen heimom av og til mellom anna for å jobbe med dette ferske prosjektet.

Han kallar seg sjølv ein liten masekopp, som er flink til å få fram og samle informasjon.

Parr seier at ein god del informasjon er kjend frå før, men det kan vere viktig å samle det som finst, kanskje er det lettare å sjå samanhengar då. i tillegg er dette ei kyrkje som er viktig for identiteten til folk som kjem frå denne staden.

Altertavla i Jetmundkyrkja på Åheim

Altertavla i Jetmundkyrkja på Åheim.

Foto: Arne Flatin / NRK

Kyrkja er også ganske spesiell, ei av få i sitt slag som er vigd til ein helgen, i dette tilfellet martyren Edmund. Ettersom kyrkja vart bygd så tidleg er det også ein viktig del av noregshistoria, meiner Parr.

Dette er jo ei ganske lita steinkyrkje der vestgavlen er laga i marmor, medan resten av kyrkja er av gråstein.

«»Byggteknikk, arkitektur og fagarbeid er garantert importert frå utlandet. Alle rundbogar vitnar om at kyrkja er i gammal romansk stil. Truleg kjem byggmateriale frå Larsnes der kalkspat var å finne også på den tida. I 1863 blei kyrkja riven, då soknet trengde ei kyrkje som var større og ein meinte at den burde ligge meir sentralt i soknet. «» Kjelde:digitalt fortalt.

Parr har nettopp starta arbeidet med innsamling av informasjon, men han veit ikkje kor lang tid han kjem til å bruke på arbeidet.

Det handlar også om å sjå ting på nytt, seier Parr. Han går med andre ord spennande veker i møte etter kvart som han får nøsta meir og meir opp i alle mytene og historiene som finst om denne kyrkja.

Håvard Klyve Parr

Håvard Klyve Parr.

Foto: Arne Flatin / NRK