NRK Meny
Normal

«Mannen» bevegar seg raskare

Nye målingar frå NVE viser at rørslene i det rasutsette partiet ved fjellet «Mannen» er større enn i fjor.

Mannen i Rauma

Rørslene i det rasutsette fjellpartiet «Mannen» beveger seg raskare no enn på same tidspunkt i fjor.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Rørslene i det rasutsette fjellpartiet ved «Mannen» starta å akselerere ei veke ut i mai, det vil seie på same tid som i fjor, melder Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) i den nyaste rapporten sin. Men ifølgje rapporten har rørslene vore mykje større enn på same tid i fjor.

– Hastigheita har vore klart større i mai dette året, står det i rapporten.

I 2015 var rørslene i det rasutsette fjellpartiet på 1,7 millimeter i perioden 5. mai til 30. mai. I år var desse rørslene 21,5 millimeter i løpet av den same tidsperioden. Det viser resultata frå tre seriekopla måleinstrument som overvakar utviklinga i fjellpartiet.

Vêret er truleg årsaka

Geologane som overvakar «Mannen» trur at vêret er ein del av forklaringa til den store auken i fjellpartiet.

– Årsaka er truleg varmare vêr og meir snøsmelting i mai i år enn i fjor, står det vidare.

Les alt om «Mannen» her.

Framleis i grøn sone

Men fjellpartiet er framleis i grøn faresone, så det er på dette tidspunktet ikkje fare for at partiet skal rase ut med det første.

Sjå bilete frå Mannen også om natta.
Se utviklingen ved fjellet "Mannen".