Hopp til innhold

"Madrass" utløyste storaksjon

Ein flytande madrass utløyste full alarm på Sunnmøre søndag. Både helikopter, dykkarar og politi rykte ut.

Isolasjonsmateriale utløyste storaksjon
Foto: Håvard Karlsen / NRK

Full alarm

Hovudredningssentralen og politiet på Sunnmøre slo storalarm då dei i 12-tida søndag fekk tips frå ein person på Sæbø i Ørsta om at han hadde sett ei snekke sekke like ved land. Ifølgjet tipset sokk snekka berre 50 meter frå land ved ferjekaia, og politiet sende i hu og hast ut både helikopter med dykkarar og ein eigen patrulje.

- Det kan vere vanskeleg å seie kva ein har sett forsvinne i sjøen. Saka kjem ikkje til å få etterspel for han som tipsa, seier operatør Terje Lingås ved Sunnmøre politidistrikt.

Kan vere isolasjon

Thomas Hustad

Thomas Hustad har tatt vare på isolasjonsmaterialet. No ligg det naustet hans etter oppstyret søndag ettermiddag.

Foto: Håvard Karlsen / NRK

For då politiet kom fram fann dei inga snekke, berre eit flak i eit porolonaktig stoff flytande i sjøen. Då var allereie ein båt i området kome til for å assistere, saman med helikopteret og dykkarar, som sto klare. Ifølgje augevitne er det eit digert flak av eit isolasjonsmateriale som har hamna i sjøen.

- Flaket måler 2,7 m ganger 9,9 og er omlag 40 milimeter tjukt, opplyser Thomas Hustad, som har tatt vare på flaket etter oppstyret søndag ettermiddag.

Kunne vore madrass

Og heller ikkje etter at politiet var komne fram på staden var dei sikre på kva dei hadde funne i sjøen.

- Vi fann ein madrassliknande gjenstand på seks ganger åtte meter. Nærare samtalar med han som tipsa gjorde at vi kom fram til at det var dette han måtte sett, meinte operatør Lingås like etter at søket var avslutta. Han seier politiet fortløpande kvalitetssikrar tipsa som kjem inn, men at det ikkje er tid til å ta ein lang diskusjon når det kjem inn meldingar om at båtar går ned.