Retten meiner "Inger Hildur" sommaren 2001 fiska i Island si fiskerisone, og ikkje i den posisjonen som blei oppgitt.
Båten hevda dei hadde tatt fangsten i grønlandsk sone, men islandske myndigheiter meinte dei mellom anna ved bruk av satellittsporing kunne vise kor dei hadde tatt fisken.
Dette var første gongen satellitsporing vart brukt, og saka har blitt rekna som ein prøvestein i Island sitt rettsapparat.
Skipper og reiar må betale 230 000 kroner i bot, og i tillegg blir ein loddefangst på 600 tonn til ein verdi av 400 000 kroner inndratt.
Det skriv avisa Fiskaren.