Hopp til innhold

"I love you, Aalesund!"

- Høgt til himmels flaksar skrikande måsar med medbrakt fugleinfluensa og skit byen full av seige kjærleikserklæringar: "I love you, Aalesund! I love you!!"

Arild Traa

Arild Traa elskar Aafk. No har han fått med seg lokale heltar på ein hyllest til fotballaget frå Ålesund.

Foto: Nina Traa

Det seier litt av teksten som Arild Traa frå Valderøya har skrive til fotballaget i sitt hjarte, nemleg Aafk.

Traa ynskte å gje Aafk eit lyft før cupfinalen mot Molde, og samla lokale krefter. Saman med komikar Terje Sporsem, The Margarets og Egil Olsen, bestemte han seg for å støtte Aafk i kampen om NM-gullet.

- Aalesund er på kanten av stupet. Det er no det skal skje. No treng laget hjelp og støtte og då er det heilt naturleg å slå saman sunnmørske krefter, fortel Traa.

Fleirkulturell dugnadsøkt

Initiativet hans vart teke godt imot av både The Margarets, Terje Sporsem og Egil Olsen, og i løpet av 48 timar vart hyllesten unnfanga, til glede for heile det sunnmørske folk. Arild Traa har stått for teksten som vert lest av Terje Sporsem, sangen "Look for love" er av The Margarets og Egil Olsen har miksa det heile.

Kjærleikserklæringa skal verte framført på Rockefeller laurdag kveld i cupfinale-helga. I mellomtida kan du sjå hyllesten her.

" Du må nesten være født der. Du må ha kjent noen som har kjent noen som har kjent. The place to be. The place to win. "

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL