Hopp til innhold

«Heimebane»: – Skal toppe den første sesongen

Teamet bak TV-suksessen «Heimebane» lovar at sesong to blir endå betre enn den første. – Eg trur ikkje folk blir skuffa, seier hovudrolleinnehavar Axel Bøyum.

Axel Bøyum og Vilje Kathrine Hagen.

Skodespelar Axel Bøyum og produsent Vilje Kathrine Hagen er sikre på at sesong to av «Heimebane» vil leve opp til forventningane som sesong éin har skapt.

Foto: Arne Flatin / NRK

Første sesong av NRK-serien «Heimebane» blei ein stor suksess blant TV-sjåarane. I tillegg til å vere ein publikumsfavoritt, fekk serien også fem prisar under Gullruten i vår.

Heimebane 2 innspeling

Huset til venstre, her på Flø, er staden der Adrian Austnes bur i TV-serien «Heimebane».

Foto: Arne Flatin / NRK

Med andre ord er det mykje å leve opp til no når innspelinga av sesong to er i gang for fullt. Produsent Vilje Kathrine Hagen er likevel sikker på at denne vil toppe den første.

– Vi hadde ikkje orka å laga ein ny sesong dersom vi ikkje følte at vi hadde meir å kome med. Og ikkje minst, at vi kunne gjere det betre.

– Blir ikkje skuffa

I serien møter vi Ane Dahl Torp i rolla som Helena Mikkelsen, Norges første kvinnelege trener på toppnivå i herrefotball. Handlinga er lagt til Ulsteinvik og det fiktive laget Varg IL. I løpet av serien blir ein også godt kjent med ein rekke rollefigurar i og rundt klubben.

Innspeling Heimebane

Skodespelar Axel Bøyum er sikker på at publikum ikkje blir skuffa over sesong to.

Foto: Arne Flatin / NRK

Skodespelar Axel Bøyum har rolla som fotballspelar Adrian Austnes. Også han ser fram til å vise fram sesong to, og er sikker på at den vil leve opp til forventningane som den første sesongen har skapt.

– Sesong éin var veldig bra, men på ein eller anna merkeleg måte så har vi klart å få til noko som er endå betre. Eg trur ikkje folk blir skuffa, seier han.

Har blitt glad i laget

Produsent Vilje Kathrine Hagen trur noko av suksessen til den første sesongen var at sjåarane blei glad i karakterane og laget.

Heimebane

I den første sesongen av «Heimebane» er det Ane Dahl Torp sin karakter Helena Mikkelsen, som står sentralt. I sesong to blir vi betre kjent med ein rekke andre karakterar i og rundt klubben Varg IL.

Foto: Sjur Aarthun / NRK

– Laget gir deg ei slags familiekjensle. Dette blir også fokuset i sesong to, seier ho.

Sesong éin tok opp mange viktige tema, mellom anna metoo-problematikken, kvinner i herrefotball og psykisk helse. Produsenten fortel at det blir mange nye utfordringar for laget i sesong to.

– Helena har bevist kva ho er god for, så no fokuserer vi meir på enkeltpersonar i laget og historiene deira. Vi får også sjå korleis Varg taklar økonomien etter at hovudsponsoren Tangsrud har trekt seg ut. I tillegg dukkar det opp ein del nye karakterar, avslører Hagen.

– Eg trur publikum får ei endå tettare tilknyting til karakterane i denne sesongen. Det blir mykje fotball, men også mykje som skjer utanfor bana. Sjåarane kan glede seg til begge deler, seier Axel Bøyum.

Vil ikkje love ny sesong

Vilje Kathrine Hagen, produsent for serien, frå Motlys

Produsent Vilje Kathrine Hagen kan ikkje love at det blir fleire sesongar av «Heimebane».

Foto: Arne Flatin / NRK

Trass i stor interesse for serien, kan produsent Vilje Kathrine Hagen, likevel ikkje love at det blir ein sesong tre av «Heimebane».

– Det er litt som med sesong éin. Vi vil vente å sjå korleis det går med sesongen først. Og så er det opp til publikum og NRK om dei vil ha ein sesong til. Så det tek vi som det kjem, seier ho.

Sesong to har premiere ein gong på nyåret 2019.

Sjå sesong éin av «Heimebane» her:

Når ein nyopprykt eliteserieklubb mistar trenaren sin like før seriestart, får Helena sjansen til å ta steget over til herrefotballen. Men for å sikre seg jobben må ho kapre han framfor nasen på ein tidlegare utanlandsproff med store trenarambisjonar.