Hopp til innhold

– Berre tull å kalle «Gyda» ekstremvêr

Ekstremvêret «Gyda» førte til 50-årsflaum og ser ut til å ha sett 22 nye nedbørsrekordar. Men mange meiner NVE og Meteorologisk institutt har alt for låg terskel for å melde ekstremvêr.

Knut-Asle Goksøyr

VAND MED VÊR: Knut-Asle Goksøyr kjem frå den vêrutsette øya Runde på sunnmørskysten. Han meiner vêrmeldinga burde vere mykje meir forsiktige med å bruke uttrykk som «ekstremt».

Foto: Arne Flatin / NRK

Ekstremvêret «Gyda» førte til stengde vegar og store øydeleggingar på Vestlandet og i Trøndelag.

Det blei målt l 50-årsflaum i elva Surna. Mange familiar måtte reise frå heimane sine, og i Stjørdal blei folk evakuert med båt.

Aldri før har NVE sendt ut så mange farevarsel på ein gong.

Samstundes var det mange som i sosiale medium tok til orde for at vêrvarslinga var overdriven, og at situasjonen slett ikkje var ekstrem.

SKJERMDUMP KOMMENTARFELT OM "GYDA".
SKJERMDUMP KOMMENTARFELT OM "GYDA".
SKJERMDUMP KOMMENTARFELT OM "GYDA".
SKJERMDUMP KOMMENTARFELT OM "GYDA".

Ein av dei er Knut Asle Goksøyr.

– Det er berre tull å kalle «Gyda» for ekstremvêr. Dette er mykje diskutert mellom folk i utkantane. Vêrmeldinga burde klare å melde meir presist i 2022, seier han.

Kommentarfelt om "Gyda".
Foto: skjermdump / facebook

– Eg skal ikkje underslå at «Gyda» gav dårleg vêr enkelte plassar, men det er milevis herifrå til Surnadal. Då går ikkje det an å melde ekstrem fare for flaum og skred her ute på øyane der alle veit at vatnet renn rett på sjøen, seier Goksøyr.

– Sjeldan

Frå mai 2018 starta Meteorologisk institutt å gradere farleg vêr etter farge.

Vêrvarslingsdirektør ved Meteorologisk institutt, Bård Fjukstad, er godt vand med kritiske tilbakemeldingar.

– Vi får høyre slikt så godt som kvar einaste gong vi melder fare, seier han.

Han peikar på at dei ikkje berre prøvar å varsle vêret, men også kva konsekvensar vêret får.

– Og det er ikkje ofte vi melder ekstremvêr. Om ein ser landet under eitt, så hender det ein gong eller to i året, seier Fjukstad.

Bård Fjukstad

MELDE RAUDT: Bård Fjukstad er direktør for vêrvarslinga i Meteorologisk institutt. Han seier det set ut til at vêrmeldinga trefte rett med «Gyda». Etter kvart farevarsel på oransje eller raudt nivå lagar dei ein rapport for å vurdere om vêrmeldinga var rett.

Foto: Kamilla Pedersen

– I store trekk så ser vi at varslinga trefte i tilfellet med «Gyda». Vi såg at her ville det kome eit heilt sjeldan uvêr. Saman med NVE vurderte vi at konsekvensane enkelte stader kunne bli veldig store. Då skal vi varsle med raudt farenivå, seier Fjukstad.

Gjorde at kommunane fekk førebu seg

Direktør på hydrologisk avdeling i NVE, Hege Hisdal, seier målingane deira viser at det var stor vassføring.

– Enkelte målestasjonar blei skylde på havet. Sjølv om det ikkje verkar ekstremt for alle, så var det ekstreme mengder vatn. Det verka nok ekstremt for dei som måtte evakuere, eller fekk kjellarane fulle av vatn, seier Hisdal.

Ho peikar på at varslinga deira gjorde at kommunane fekk førebu seg.

– Det ville vere svært ressurskrevjande om vi skulle gje eksakte varsel for små område som til dømes berre éin kommune. Vi melder for eit område, så må kvar enkelt kommune vurdere kvar problema kan kome.

Mange nye nedbørsrekordar

Foreløpige tal viser at det ligg an til 22 nye nedbørsrekordar under «Gyda». 13 i Trøndelag, 5 i Møre og Romsdal, 3 i Vestland og 1 i Innlandet.

Enkelte av rekord-stasjonane har lang historie. På Hegra i Stjørdal har det vore måling sidan 1895.

Aller mest regn blei målt på Emblem i Ålesund med 174 mm på eitt døgn.

– Det er ekstremt mykje medbør. Det blir 174 liter per kvadratmeter. Prøv å få plass til 174 mjølkekartongar på ein skulepult, seier statsmeteorolog Rafael Escobar Løvdahl.

Nedbørskart for ekstremværet Gyda

REGN: Fleire målestasjonar sette ny døgnrekord i førre veke under «Gyda».

Foto: SKJERMDUMP / METEOROLOGISK INSTITUTT

– Eller tenk deg ei fotballbane på Emblem. Det vil ha regna over ein million liter vatn på den frå klokka 08:00 den 12. til klokka 08:00 torsdag 13., seier Løvdahl.

– Burde spare på kraftuttrykka

Knut-Asle Goksøyr kjem sjølv frå den vêrutsette øya Runde på Sunnmøre. Han meiner uttrykket ekstremvêr burde bli nytta langt sjeldnare enn i dag.

– Eg meiner berre nyttårsorkanen og kanskje «Dagmar» er vêr som i mi levetid kan omtalast som ekstremt. Meteorologane burde spare kraftuttrykka til den dagen det verkeleg trengst, seier han.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL