«Grenselaust» er temaet for Dei nynorske fetspela i år

Det er 200-årsjubileum for Ivar Aasen, og det er Språkåret 2013. Dermed blir programmet for Dei Nynorske Festspela ekstra storslege i år.

Are Kalvø

Are Kalvø er ein av mange som du kan møte under De nynorske festspela i Aasen-tunet i juni.

Foto: Samlaget/Geir Henning Hopland

Ifølgje festspelleiinga skal festspelrogrammet strekkje seg over både landegrenser og språkgrenser denne sommaren.

– I samband med 200-årsjubileet for Ivar Aasen, ser vi fram til å feire både historia og den nynorske framtida, seier programansvarleg Karine Munch i Ivar Aasen-tunet.

Lars Petter Sveen

Lars Petter Sveen er ein av festspeldiktarane i år.

Foto: Julia Nagaelstad / Pressefoto

Grenselaust

I år har Dei nynorske festspela temaet «grenselaust». Dette er inspirert av målsetjinga for Språkåret 2013, som skal feire alle språk i Noreg.

Dei nynorske festspela går føre seg frå 27. til 30. juni. På uteamfiet i Aasen-tunet blir det fleire konsertar med gruppa Vamp. Årets stemnetalar er Are Kalvø, som er aktuell med NRK-serien og boka Ny grunnlov.

Botnheim Sørumgård

Guri Botnheim, Sigrid Sørumgård er to av festspeldiktarane i år.

Foto: Benedicte Skarvik / Pressebilde

Unge forfattarar

I år har festivalen knytt til seg tre unge festspeldiktarar. Lars Petter Sveen, Guri og Sigrid Sørungård Botheim skal møte publikum i ulike samanhengar.

Forfattaren Jóanes Nielsen frå Færøyane, som er nominert til Nordisk råds litteraturpris 2013 for boka Brahmadellane, kjem til Festspela saman med mellom andre Ingrid Storholmen, Atle Berge og Sunniva Relling Berg.