NRK Meny

«Fotballspilleren» blir til Riise

Statuen utanfor Color Line Stadion i Ålesund endrar namn frå «Fotballspilleren» til John Arne Riise, skriv Ålesund Stadion KS - CLS i ei pressemelding. Statuen kom opp i 2005, men no vil det vere ny avduking tysdag 3. april. – Det å få denne støtta frå byen, som betyr så mykje for meg, er nesten like stort som å vinne Champions League, uttalar John Arne Riise, ifølgje pressemeldinga.

Fotballspilleren
Foto: Øyvind Sandnes / NRK