NRK Meny
Normal

– Det luktar kloakk og brente bildekk

Naboar til Franzefoss på Bolga i Kristiansund hevdar at dei får helseplager av kraftig lukt frå gjenvinningsanlegget.

FRanzefoss Kristiansund

Franzefoss i Kristiansund driv med gjenvinning av olje og slam frå offshoresektoren. Naboar reagerer på lukta frå anlegget.

Foto: Johan Fredrik Schmedling

På Husøya i Kristiansund driv Franzefoss gjenvinning av olje og slam frå offshoresektoren. Naboar har i lengre tid klaga over plagsam lukt. I fjor sette verksemda inn ei rekkje tiltak for å redusere lukta frå anlegget, men no har lukta dukka opp att.

LES OGSÅ:

Kvalme og hovudpine

 Johan Fredrik Schmedling

Johan Schmedling seier at det luktar kloakk og brente bildekk.

Foto: Privat

Johan Schmedling forklarer at når han sit ute kjenner han lukta av kloakk og brente bildekk.

– Vi får hovudpine og kvalme av lukta. Vi kan ikkje sitte ute lenge, seier Schmedling.

Han seier at lukta også kjem inn i husa. Dei siste vekene har bebuarane opplevd den plagsame lukta nærast dagleg. Schmedling seier at småbarnsforeldre kvir seg for å legge barna ute i vogn. Han trur at folk i mellom 200 og 300 bustader kjenner lukta.

– Asfaltverk forsterkar lukta

Talsperson for Franzefoss Astrid Drake seier dei er kjend med luktplagane, og tek det alvorleg.

– Vi har gjort tiltak som skulle betre problemet, men vi må sjå det i ein større samanheng enn vi har gjort så langt, seier Drake.

Dei vil undersøkje om det er ein kombinasjon av lukt frå Fransefoss og Asfaltverket ved sidan av som forsterkar luktproblema. Luktproblema skal ha dukka opp att no når asfaltverket har starta opp att sin produksjon.

Drake seier at dei har kontakta Folkehelseinstituttet.