Hopp til innhold

«Digitaliserte» geiter ryddar naturen for raudlista fuglar

Usynlege gjerde og geit frå Sør-Afrika reddar rasteplassane til langvegsfarande fuglar. Eit prøveprosjekt kan opne opp for meir omfattande bruka av geit i verneområde.

Like ved den verdskjende Atlanterhavsvegen ligg Sandblåst/Gaustadvågen naturreservat i Hustadvika kommune. Det er eit viktig verneområde også av internasjonal storleik.

– Dette eit av dei største og best bevarte elvedeltaa vi har, med ein rekke fuglar som rastar på trekk, seier Hege Steigedal, rådgjevar i Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

boergeit-beiter-for-fugl-280521-mr

Hege Steigedal er rådgjevar hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Her kjem det blant anna 200 songsvaner, 900 grasender og 2.500 vadarar for å hekke. Fleire av artane er av internasjonal verneverdi, men det er ei utfordring.

– Fuglane vil ha det ope for at dei skal kunne lande her for å ete når dei er på trekk. Når det gror att, som det gjer veldig fort, er det viktig at vi sett i gang skjøtsel, seier Steigedal.

Til den jobben har dei hyra inn den sørafrikanske boargeita. Den er spesialist på å raskt beite vekk bjørkekrattet som Staten vil ha vekk. Ironisk nok er krattet litt Staten sin feil.

Sangsvane

Songsvanane er blant fuglane som kjem til Hustadvika for å hekke.

Foto: Roar Hansen

Etter krigen oppfordra dei til storstilt skogplanting som dei framleis jobbar med å få bukt med. Skogen her blei hoggen i 2013. Likevel er ikkje naturen som den ein gong var, noko også klimaendringane har bidratt til.

– Då kom det eit nytt problem med lauv som slår seg opp. Det å beite er eigentleg einaste langsiktige løysinga på gjengroingsproblemet, ein har ikkje sjanse til å ta det med manuell rydding, seier Bjarne Otnes, fagleiar i Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

boergeit-beiter-for-fugl-280521-mr

Det er eit stort mål for Statsforvaltaren å ta ut grana og gjenopprette kystlynghei-landskapet, seier fagleiar Bjarte Otnes.

Foto: Eirik Haukenes / Eirik Haukenes

Set opp digitale gjerde

Samtidig har det vore ein utfordring med inngjerding i område som dette. Med GPS-halsband på geita kan bonden sjølv sette opp eit usynleg gjerde i terrenget.

– Når eg følgjer med så ser eg at dei går mykje i det området kor det er mest kratt og nede ved vatnet, seier geitebonde Linda Haug.

Nofence digitalt geitegjerde.

Med ein app på telefonen kan geitebonden sette opp digitale gjerde og halde oversikt over kor dyra beiter.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

GPS-teknologien «Nofence» er ei norsk oppfinning som er godkjend av Mattilsynet på Geit, og frå i fjor også på storfe og sau.

Nærmar geita seg ytterkanten av sona, vil halsbandet begynne å lage lyd, og eventuelt eit mildt støyt dersom ho går lenger. Slik lærar dei å respektere grensene.

Geiter som beiter ned områder for trekkfugl. Geitebonde Linda Haug.

Geitebonde Linda Haug.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Vil truleg bruke meir geit

Statsforvaltaren har 4,5 millionar kroner i år til skjøtsel og tilrettelegging av naturreservat i Møre og Romsdal i år. Store delar av dette går med på å ta ut granskog og beiting.

– Når vi får hauste erfaring med geitene og teknologien så vil vi sannsynlegvis auken bruk av geiter, seier Bjarne Otnes.

FN har peikt ut 2020-talet som tiåret for restaurering av natur. Otnes håpar no å få tilbake meir av kystlynghei-landskapet slik det var.

– Det er eit langsiktig prosjekt med å restaurere og gjenopprette naturen etter at vi har tatt ut gran. Vi har planlagt beite over fleire år, seier Otnes.

boergeit-beiter-for-fugl-280521-mr

Etter krigen oppfordra Staten til omfattande planting av gran langs norskekysten. I 2013 fjerna dei skogen her, for å få det slik det ein gong var.

Foto: Eirik Haukenes / NRK