Hopp til innhold

Éin «Dark Room»-mistenkt er frå Møre og Romsdal

Éin person frå Møre og Romsdal er mistenkt i den store overgrepssaka som har fått namnet «Dark Room».

Janne Ringset Heltne og Hilde Reikrås

Minst 51 personar, i fleire politidistrikt, er tatt av politiet i samband med operasjon Dark Room.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

Det viser ei oversikt frå politiet i Bergen. I alt er 51 personar sikta i overgrepssaka som no blir rulla opp. Dei 51 har deltatt i eitt eller fleire ulike nettverk på «det mørke nettet», og nettverka har også hatt internasjonale forgreiningar.

Mannen frå Møre og Romsdal er 47 år og busett i Romsdalsregionen.

– Han er mistenkt for framstilling av barn i seksualiserte situasjonar, seier Dag Erling Austvik i Møre og Romsdal politidistrikt.

Austvik presiserer at paragraf 310 og 311 i straffelova ikkje berre gjeld framstilling av mindreårige i seksualiserte situasjonar gjennom bilete og video. Paragrafen omfattar også tekst.

Den 47 år gamle mannen frå Romsdal er ved 15.15-tida måndag enno ikkje kontakta av politiet lokalt.

Fleire politidistrikt er involvert

Følgande saker er sendt frå Vest politidistrikt til andre politidistrikt:

  • Vest: 20
  • Trøndelag: 5
  • Innlandet: 3
  • Sør-Vest: 1
  • Troms: 4
  • Norland: 2
  • Øst: 7
  • Sør Øst: 2
  • Møre og Romsdal: 1
  • Kripos – skal bli oversendt til Sverige: 1

Dette er ei av dei mest omfattande overgrepssakene i Noreg.

På dette tidspunktet er det minst 51 personar, i fleire politidistrikt, som er tatt av politiet i samband med operasjon «Dark Room». Men etterforskinga held framleis på og kan auke i omfang, opplyser politiet.

Les alt om saka her:

Saka blir oppdatert.

Les også: Her jobber politiets spesialgruppe for å avsløre overgrepsnettverkene

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL