NRK Meny
Normal

«Borgny» skal lære barn om bybrannen

Ho er ni år og opplever at ei lita jente blir borte frå foreldra under den dramatiske bybrannen i Ålesund. Rollefiguren «Borgny» skal formidle hendingane frå 1904 til dagens barn.

Borgny - musikal om bybrannen i Ålesund

Store og små står på scena når stykket har premiere torsdag.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Astrid Overå

Astrid Overå er både på scena og i kulissane i stykket.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

– Ja, det er mange redde barn i denne framsyninga. Men alt går jo bra til slutt.

Det seier instruktør og skodespelar Astrid Overå, som også spelar mor til Borgny.

Musikalen med utgangspunkt i brannen har premiere torsdag. Skodespelar Cornelia Melsæther spelar Borgny, og har blitt glad i den redde, men modige niåringen.

Cornelia Melsæther

Cornelia Melsæther spelar hovudrolla som Borgny

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

– Ja, eg har blitt glad i fantasien hennar, korleis ho lever seg inn i historiene til dei vi møter. Så eg gler meg veldig til premieren, seier ho.

Trur det blir ein tradisjon

Store og små er saman på scena, nokre røynde, andre med lite erfaring frå teater og musikal. Overå trur framsyninga har potensial til å bli ein gjengangar blant unge i dagens Ålesund.

– Eg er nesten heilt sikker på at dette blir ein tradisjon, seier ho.

Overå seier dei starta forsiktig med ei framsyning i fjor, som har blitt utvida i årets utgåve.

– Og det er fleire historier som ikkje er med i år, så her er det mykje å gå på, seier ho.

Borgny heiter rollefiguren som formidlar korleis barn kunne oppleve bybrannen i Ålesund i januar 1904. Men Cornelia Melsæter som spelar Borgny er langt frå aleine på scena, ein heil gjeng finpussar på replikkane framfor premieren.