NRK Meny
Normal

– Busselskapet bør miste anbodet dersom dei ikkje klarer jobben

Stortingsrepresentant Oskar Grimstad (Frp) er kritisk til at pasienttransporten i fleire sunnmørskommunar ikkje fungerer slik den skal.

Oskar Grimstad

Oskar Grimstad er ikkje nøgd med skysstilbodet pasientane i dei fire kommunane får.

Foto: Trond Vestre / NRK

NRK har den siste tida fortalt om pasientar og legar som fortvilar over pasienttransporten i fire sunnmørskommunar. Pasientane opplever å måtte vente i timevis på skyss når dei skal til lege eller sjukehus.

Enkelte legar fortel at dei har bestilt ambulanse til oppegåande pasientar, fordi der ikkje er ledige drosjer. Dei har også måtte jobbe overtid fordi pasientar sit på venterommet og ikkje vert henta.

Det er transportselskapet Lenes bussreiser som har tatt over pasienttransporten i Norddal, Vanylven, Ulstein og Herøy etter at dei vann anbodet.

LES OGSÅ:

Må lysast ut på nytt

Oskar Grimstad meiner at anbodet må lysast ut på nytt dersom selskapet ikkje innfrir krava.

– Har ein vunne eit anbod, så er det stilt krav til korleis dette skal fungere. Fungerer det ikkje og det går utover pasientane, er det klart at anbodet må ta slutt og andre får gjere jobben, seier Grimstad.

Uakseptabelt

Politikaren er uroa over beredskapen når ambulansar vert brukt til skyssoppdrag.

– Det er heilt uakseptabelt. Ambulansane skal brukast til dei som treng akutt hjelp og ikkje til dei som berre treng å kome seg heim, seier Grimstad. Han meiner selskapet burde ha planlagt betre før dei kom i gong med pasienttransporten.

Går seg til

Styreleiar i Lenes Bussreiser, Per Holger Broch, meiner at dei leverer eit tilbod som er godt nok ifølge krava i anbodet. Dei har vore i jamnleg kontakt med oppdragsgivaren Pasientreiser, og ikkje høyrt noko som skulle tilseie at anbodet ikkje er fulgt.

– Vi oppfyller krava som står i kontrakten og gjer det vi kan for å yte service, seier Broch.

Berre taparar

Else-May Botten

Det er berre taparar i denne saka, seier Else May Botten

Foto: Bjørn Ivar Voll

Stortingsrepresentant Else May Botten (Ap) seier at desse sakene syner at systemet ikkje fungerer. Ho meiner at det berre finst taparar i denne situasjonen.

– Her må ein ta ei runde og sjå om krava i anbodet vert innfridd. Kanskje bør helseføretaket vurdere å gjere endringar eller sette krav om at dagens tilbod må bli betre, seier Botten.