Etter 4-1 tapet for 2.divisjonslaget Levanger i cupen torsdag, var grensa nådd for supportergjengen og leiar Kåre Henning Gardshol.
- Når vi tapar mot eit middelmådig andredivisjonslag, då er det mykje som skal til for å klare seg i første divisjon, seier Garshol.
Ifølgje Garshol må laget no få ny trenar viss trenden skal snu den negative trenden.
Stig Monsen har ikkje vurdert å trekke seg.
- Eg har ikkje sett nokon grunn til det enno. No skal vi ta ein velfortent ferie og vere klare igjen når vi startar igjen i starten på juli, seier Monsen.