NRK Meny

«Alle skal med» i KAK

Kristiansund Atletklubb startar frå hausten det tre-årige prosjektet: «Alle skal med». Bakgrunnen er eit møte med kommunen, barnevernet, Nav og andre instansar, der det kom fram at mange barn lever under fattigdomsgrensa. No ønskjer KAK å opne dørene for barn som manglar toalettutstyr, handkle, undertøy og treningstøy. – Ingen barn skal bli hindra frå å delta i aktivitetar på grunn av familiens økonomi, seier leiar Tore Løvik.

Tore Løvik, leiar i Kristiansund Atletklubb
Foto: Anne-Mari Flatset / NRK