NRK Meny
Normal

Går av som nestleiar i FpU

Etter to år som nestleiar for FpU går Erik Tørrissen av. Han vil fortsette med politikk, og går inn i ny jobb på Stortinget.

Erik Tørrissen

Erik Tørrissen går av som nestleiar i FpU.

Foto: FpU

Erik Tørrissen har sete to år som nestleiar for Framstegspartiets Ungdom og fire år i sentralstyret. I tillegg har han mange år bak seg som tillitsvalt i partiet. På landsmøtet for ungdomspartiet i helga takkar han for seg som nestleiar i FpU.

– No føler eg det er greitt å sleppe til nye krefter og nye tankar, og så skal eg fortsette mitt engasjement blant anna som folkevalt i Ålesund, seier Tørrissen til NRK.

Landsmøtet for ungdomspartiet vert arrangert kvart andre år, og Tørrissen har leia valkomiteen for det nye sentralstyret. I helga skal dei siste avgjerslene om kven som skal sitje i det nye styret takast.

Framleis travle dagar

Erik Tørrissen har blitt tilsett som kommunikasjonsrådgjevar for Framstegspartiet på Stortinget, og vil fortsette i vervet sitt som folkevalt i Ålesund. I tillegg skal han fortsette som student.

– No har eg litt meir tid på hendene etter at eg går av som nestleiar, så no skal eg ta fullt jus-studie i tillegg til jobben på Stortinget, så eg får framleis travle dagar, seier han.

Ålesundaren er halvvegs i studiet, og bur i Oslo. Slik han ser det no, så blir det ikkje Ålesund att med det første.

– Hjarta mitt ligg i Ålesund, men så har eg studert i Oslo dei siste åra, og no som eg går av som nestleiar i FpU så har eg tid og mogelegheit til å studere på fulltid samtidig som eg er så heldig at eg får jobbe med politikk på sida, seier han.

– Så, det blir Oslo, iallfall fram til eg er ferdig med å studere, legg han til.

Håpar FpU blir ein sterk pådrivar

Sjølv om Tørrissen går av som nestleiar i FpU, så håpar han at ungdomspartiet vil tenkje i lange linjer og tar dei vanskelege debattar.

– Eg håpar at FpU skal vere ein sterk pådrivar blant anna til å løfte debatten om velferdsstaten si framtid og blant anna om korleis velferdsstaten skal utvikle seg, seier han.

Erik Tørrissen seier han tykkjer det er trist å gi seg som nestleiar i ungdomspartiet, samtidig som at han legg vekt på at dette vil gi han mogelegheit til å bruke tid si på Framstegspartiet.

– Det er trist, men ein legg eit kapittel bak seg, det er veldig gøy å drive med ungdomspolitikk, og eg vil oppfordre og anbefale alle ungdommar til å arrangere seg politisk, seier han.