Hopp til innhold

Høg eigenkapital kan pressa einslege ut av bustadmarknaden

Om kravet til eigenkapital ved bustadkjøp aukar vil dei einslege bli pressa ut av marknaden, fryktar Ensliges landsforbund.

Hus til salgs

AUKA KRAV: Finanstilsynet vurderer å auke kravet til eigekapital for dei som skal kjøpe bustad. Det gjer det vanskelegare for dei som er åleine om kjøpet, meiner Ensliges landsforbund.

Foto: Sinar 2

Finanstilsynet vurderer å auke kravet til eigekapital ved kjøp av bustad. Marie Synnes, leiar av Ensliges landsforbund i Ålesund, meiner eit auka krav til eigne pengar vil føre til at det vert endå vanskelegare å kjøpe bustad for dei som er åleine om kjøpet.

– Når ein er med i ei bodrunde i lag med folk som har to inntekter kjem ein ofte til kort, seier Marie Synnes, leiar av Ensliges landsforbund seie avdeling i Ålesund.

Ei uendra rent kan òg gjere det vanskelegare for folk å komme seg inn på bustadmarknaden.

Færre einslege eig bustad

Boligsalg

BUSTADJAKT: Jakta på ein bustad kan bli vanskelegare for einslege.

Foto: NRK

Delen av einslege som eig eigen bustad er lågare enn hjå folk elles.
Ein kikke på bustadannonsane viser at det ikkje er mange leilegheiter einslege har råd til å kjøpe.

– Det må i så fall vere ei heilt nøktern leilegheit, seier Synnes.

Om Finanstilsynets går inn for å auke kravet til eigenkapital, vil det gå hardt utover medlemmene i forbundet, meiner Synnes. Ho seier dette vil ha stor betydning og at det vert endå vanskelegare for einslege.

– Det er eit viktig velferdsgode å eige sin eigen bustad, og det er viktig at alle grupper i samfunnet får ta del i den velferdsutviklinga.

Par vert favorisert

Samstundes som dei einslege sparer til eigenkapital stig bustadprisane. Marie Synnes meiner innføring av eit slikt forslag vil slå urettferdig ut i eit system som allereie favoriserer par.

Marie Synnes

LIKAR IKKJE: Marie Synnes er leiar av Ensliges landsforbund i Ålesund.

Foto: Ensliges landsforbund

– Når ein person får til svar at ho må skaffe seg ein mann, så seier det ein god del om haldningane ute blant folk. Alle kan oppleve å bli åleine, men skilsmisser og sambuarforhold som ryk. Når ein jobbar og betalar skatt så burde ein få kjøpe seg ein nøktern bustad òg.

Stoppa av god inntekt

I Sparebanken 1 SNM følgjer dei nøye med på bustadprisstatistikken. Finansrådgjevar Frode Fagermo behandlar lånesøknader og meiner eit auka krav til eigen oppsparte midler vil gjere det vanskelegare for dei som er åleine om bustadkjøpet.

Folk som ikkje får bustadlån i banken, kan søke om startlån frå kommunane, men det er ikkje alltid ordninga fungerer som ho skal.

– Det som kan stoppe deg er at du har for høg inntekt. Så då har dei altså ei alminneleg god inntekt, men ingen eigenkapital, og då vert det vanskeleg å skaffe seg den eigenkapitalen.

Fagermo seier resultatet er at dei vert pressa ut på leigemarknaden.

Dømt til evige leigetakarar

Marit Synnes og Ensliges landsforbund fryktar at skjerpa vilkår for å komme inn på bustadmarknaden vil presse dei einslege ut. .

– Ein kan risikere å ende opp som evige leigetakarar.