– Vil ikkje la seg skremme

Anisa Ali Aden frå Sunndal vil ikkje teie, sjølv om nokon prøver å skremme henne. I dag er ho gjest på Stortinget.

Anisa

Lokalpolitikar Anisa Ali Aden trur nokon prøver å skremme henne til å teie. I dag er ho gjest på Stortinget.

Foto: NTB scanpix, Vegard Grøtt/Privat / Kollasj

Denne veka skreiv Driva at Aden for fjerde gong opplevde at nokon hadde knust bakruta på bilen hennar.

Første gong Aden fann bilen med knust bakrute var i 2013. Måndag skjedde det igjen. Då hadde ho parkert utanfor Sande skule på Sunndalsøra, der ho jobbar som tospråkleg lærar. Men etter jobb oppdaga ho at bakruta var knust – nok ein gong.

– Eg trudde ikkje det eg såg, eg blei sjokkert og skjelven. Eg anar ikkje kven som står bak. Det er sikkert nokon feigingar som ikkje respekterer meg for den eg er, seier Aden til NRK.

Ingen tips

Sunndal Hallvard Vermøy

Lensmann Hallvard Vermøy ber om tips viss nokon veit noko om ruteknusinga.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Så langt har ikkje etterforskinga ført til noko. Lensmann Hallvard Vermøy seier til NRK at dei hadde håpt at vitne skulle melde seg, men så langt har det vore heilt stille.

– Vi treng hjelp frå publikum, og ber innstendig om tips dersom nokon veit noko. Alternativet kan vere ei rundspørjing, seier Vermøy.

– Dei skal ikkje klare å skremme meg, seier Anisa Ali Aden til NRK. Den fridomen kvinner og andre har til å snakke kom ikkje av seg sjølv. Eg skal kjempe hardt for at den fridomen skal bestå.

Lokalpolitikar

I dag er Anisa Ali Aden ei tydeleg røyst i lokalpolitikken. Ho kom inn i kommunepolitikken i 2011. Saman med to barn kom ho frå Somalia og til asylmottaket i Sunndal i 2002. Sjølv opplevde ho å bli frosen ut av innvandrarmiljøet då ho engasjerte seg i politikken.

– Eg blei ekskludert med ein gong eg kom inn i politikken, det forandra livet mitt fullstendig.

Ho kjem frå ein mannsdominert kultur, der kvinnene er underlagt det mennene seier og meiner.

– Eg styrer livet mitt sjølv, og det irriterer nok mange.

Sidan Anisa Ali Aden kjem frå ein kultur der kvinnene ikkje har noko stemme, er det svært spesielt for henne å få lov og vere med i politikken.

– Dei to første åra var eg veldig forvirra, for dette var heilt ukjent for meg. Kvinner skulle ikkje stå fram. No kan eg seie kva eg meiner, trass i at eg er innvandrar, muslim og kvinne.

– Som på 70-talet

Tove Lise Torve

Tove Lise Torve har engasjert seg for å støtte Anisa Ali Aden.

Foto: Terje Reite / NRK

Og denne røysta let ho ingen true til å slutte og bruke. Og ho får støtte frå ein annan profilert Arbeidarpartipolitikar i kommunen. Tove Lise Torve har starta ein facebook-aksjon for å samle inn pengar og støtte. Torve er tidlegare ordførar og stortingsrepresentant, og er no mellom anna på fylkestinget.

– På mange måtar kan du samanlikne situasjonen til Anisa i dag med det norske kvinner opplevde på 70-talet. Dei kjempa for rettane til kvinnene, men blei harselerte med. Noko av den same kampen har Anisa i dag, og det er viktig at ho får støtte frå flest mogleg, seier Torve.

Samtidig held Anisa Ali Aden fram med sitt engasjement. I dag er ho ein av fleire lokalpolitikarar med innvandrarbakgrunn som er inviterte til KS og Stortinget i samband med FNs internasjonale migrasjonsdag.