Hopp til innhold

– Vil helst ha Sula som sjølvstendig kommune

LANGEVÅG (NRK): Sula sa i mai eit rungande nei til å bli slått saman med nabokommunane. Nær 90 prosent av innbyggarane sa nei. Likevel vil fylkesmannen ha Sula med i ein storkommune.

Annette Kvien Trine Ulvestad

Annette Kvien og Trine Ulvestad bur begge i Sula, og arbeider i Ålesund. Dei blei slett ikkje overraska over at Fylkesmannen vil legge Sula inn i ein storkommune med Ålesund og andre nabokommunar.

Foto: Terje Reite / NRK

På kaia i Langevåg strøymer folk heim frå arbeid i Ålesund. Det tek mindre enn ti minutt å reise med båt frå Ålesund sentrum til Lerheimkaia i Langevåg. I dag har debatten gått heftig, etter at det blei klart at fylkesmann Lodve Solholm går inn for å legge Sula inn under ein storkommune.

– Det som kom frå fylkesmannen var slett inga overrasking, sjølv om vi stemte nei nesten alle her på Sula, seier Annette Kvien like etter at ho har kome på land frå båten.

På kaia står ho saman med Trine Ulvestad, som også pendlar mellom Sula og Ålesund.

– Det beste ville vere om Sula fekk halde fram som sjølvstendig kommune. Ålesund har dårlegare økonomi enn Sula, og dei har eigedomsskatt, seier ho.

Vegsundet

På det smalaste er det berre Vegsundet som skil Ålesund og Sula.

Foto: Terje Reite / NRK

Vil ha sju kommunar

På sikt går fylkesmannen inn for at det skal vere berre sju kommunar i Møre og Romsdal. Hovudmålet er at kommunane skal vere så sterke at dei klarer å innfri alle lovpålagde krav på eiga hand. I dag er svært mange kommunar avhengige av å samarbeide med nabokommunane.

Men for å få fart i prosessen med kommunesamanslåingar foreslo fylkesmannen måndag ei førebels løysing med seksten kommunar.

Fremtidig kommunestruktur

Dette er den framtidige kommunestrukturen slik fylkesmannen ønskjer det på sikt.

Foto: Fylkesmannen i Møre og Romsdal

– Aksepterer ikkje løysinga

Sula vert altså ein av kommunane som får eit press på seg til å gå i nye forhandlingar om samanslåing. Men innstillinga frå fylkesmannen fell ikkje i god jord hos Sula-ordføraren.

Britt Giske Andersen, Jim Arve Røssevoll, Eva Vinje Aurdal

Jim Arve Røssevoll, ordførar i Sula, saman med ordførar i Ålesund Eva Vinje Aurdal.

Foto: Trond Vestre / NRK

Den langsiktige løysinga med berre sju kommunar kom som ei overrasking. Men forslaget med 16 kommunar låg innanfor det som var venta, seier ordførar i Sula, Jim-Arve Røssevoll.

Men det at han ikkje blei overraska tyder slett ikkje at han godtek nokon av løysingane som fylkesmannen la fram. Sula-ordføraren held fast på at Sula skal halde fram som eigen kommune.

– Vi aksepterer uansett ikkje noka løysing som inneber at Sula skal slåast saman med ein annan kommune. Vi vil ha Sula som eigen kommune. Vår kommune er av ein slik storleik at vi har fagmiljø på dei aller fleste områda, seier Røssevoll til NRK.

– Men fylkesmannen vil ha så store kommunar at dei kan levere dei tenestene til innbyggarane som lova krev?

– Sula er ingen liten kommune. Vi klarer å drive kommunen godt og leverer akseptable tenester. Det skal vi også klare i framtida, seier Røssevoll.

– Ulike meiningar i Sula

Ei kort runde rundt i kommunesenteret Langevåg avslører at folk på Sula har ulike synspunkt på spørsmålet om kommunesamanslåing.

Gry Valset Molværsmyr

Gry Valset Molværsmyr.

Foto: Terje Reite / NRK

Eg håper vi skal få halde fram som sjølvstendig kommune. Det har sjølvsagt både fordelar og ulemper. Men ein desentralisert struktur er det beste. Eg likar ikkje sentraliseringa, og eg trur saker blir løyst lettare og raskar i små einingar, seier Gry Valset Molværsmyr.

Det var om lag ti prosent som stemte for at Sula skulle slå seg saman med Ålesund og andre nabokommunar i mai. Og i hovudgata i Langevåg finn vi folk som meiner at tida er inne til å slå seg saman.

Kåre Molvær

Kåre Molvær.

Foto: Terje Reite / NRK

– Toget er gått for Sula som eigen kommune. Vi kjem ikkje utanom å danne ein regionkommune. Vi kan like gjerne legge ned fylkeskommunen også, og satse på større regionar, seier Kåre Molvær.

Edvard Molvær er av ei heilt anna meining. Han hugsar godt kampen for å bli eigen kommune, og ser ikkje behovet for at kommunen skal bli større.

Sindre Vasset

Sindre Vasset.

Foto: Terje Reite / NRK

– Prosessen har gått for fort. Men det som er klart er at mange små kommunar klarer seg godt. Og eg trur folk får problem med å føle tilknyting til ein storkommunar. Vi føler tilknyting til Sula, men ikkje like mykje til områda rundt, seier han,

Ikkje alle har like klare meiningar. Sjølv om det har både vore arrangert møte, laga brosjyrar det har vore mykje medieomtale, føler mange at dei ikkje veit nok.

– Eg har ikkje sett meg så godt inn i dette. Men det er ofte fordelar med større einingar. Det kan hende Sula blir litt for liten i lengda, seier Sindre Vasset.

Skilt Sula kommune

Om Sula kommune blir slått saman med nabokommunane blir dette skiltet ved Vegsundet forelda.

Foto: Terje Reite / NRK

– Skal framleis vere sjølvstendig kommune

Ordføraren i Sula er klinkeklar. Sula skal halde fram som eigen kommune.

No er det Stortinget som set rammene. Og det er klart at dei har ingen problem med å tvinge kommunane i kne om dei vil det. Og vi kjem til å bruke økonomiske verkemiddel til å dekkje inn dei 6–7 millionane vi taper på den nye inntektsordninga.

– Betyr det eigedomsskatt?

– Vi hadde håpt å kunne bruke slike verkemiddel til å betre tenestene til innbyggarane. Men no må vi også bruke dette til å dekkje tapet vi får. Ingen ønskjer eigedomsskatt, men dette er eitt av verkemidla vi kan bruke, seier Røssevoll.

– Fylkesmannen kom med ei klar oppmoding om å halde fram dei frivillige prosessane ...

– Vi står på den lina som er valt og som innbyggarane har sagt ja til. Vi lar oss ikkje skremme til å gå inn i dette på nytt. Vårt vedtak står fast. Eg kjem ikkje til å ta noko initiativ til noko nye forhandlinga, seier ordførar Jim Arve Røssevoll.

No skal kommuneleiinga og kommunestyret studere innstillinga frå fylkesmannen før dei tek stilling til korleis saka skal behandlast vidare.

Slik var resultata under folkerøystinga i mai:

Laster innhold, vennligst vent..

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL