– Viktig for maritim verdiskaping

Avdelingsleiar Solveig Frøland i GIEK trur ordninga med finansieringsgarantiar for norske skip bygde i Norge kan bli viktige for norske verft. I forslaget til statsbudsjett heiter det at den statlege garantiordninga for skip, GIEK skal kunne gi slike garantiar frå neste år. Ramma er på 10 milliardar kroner. – Dette er viktig for den maritime verdiskapinga og gjer det mogleg å sikre finansiering for norske reiarlag, seier Frøland. GIEK gir frå før finansieringsgarantiar for norske bygg i utlandet.

Solveig Frøland
Foto: Ragnhild Vartdal / NRK