Hopp til innhold

Rådmann føler seg pressa til skulenedlegging

Ein etter ein forsvinn bygdeskulane. I Volda foreslår rådmannen å legge ned to, sjølv om han ikkje vil.

Rådmannen i Volda hevdar styresmaktene tvingar kommunane til nedlegging av skular i distrikta.

To skular i Volda står i fare for å bli lagt ned. Bygdefolket fortvilar.

Rune Sjurgard

Rådmann i Volda, Rune Sjurgard, seier at dårleg økonomi er motivasjonen for å legge ned skular.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

Dei siste 10 åra er det lagt ned rundt 380 skular i landet. Folkestad skule i Volda er ein av dei som er nedleggingstruga. Dette trass i at dei har dei beste resultata blant elevane i kommunen. Også Austefjord skule frå 2008 er foreslått nedlagt.

– Ein går eigentleg på akkord med eigne verdiar, og det ein meiner er riktig, seier rådmann Rune Sjurgard.

Men det er økonomien som tel og han føler seg pressa til å føreslå kutt. Det har han understreka når han har vore ute på folkemøte og treft sinte bygdefolk.

Lang reiseveg

Elevane ved Folkestad skule kjem frå fleire omliggande bygder, og mange av dei vil få svært lang reisetid dersom skulen blir lagt ned og dei må dra til Volda.

Ein av dei er Lars Olav Bjørkedal. I dag brukar han nesten halvanna time for å kome seg til og frå skulen kvar dag. Han fryktar at reisetida no vil auke med ein time ekstra dersom han må ta ferja over til Volda.

Volda kommune har store økonomiske utfordringar, men at det skal gå utover skulane vore, er ikkje riktig prioritering, seier Even Lillenes.

Han er både lærar og far ved Folkestad skule. Han veit at han ikkje er åleine om å meine dette.

Lars Olav Bjørkedal

Lars Olav Bjørkedal kan risikere å få ein reiseveg på 2,5 time kvar einaste dag dersom skulen vert lagt ned.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

Folk flyttar

Tom Erik Bogen er rektor ved Austefjord skule og han meiner at skulenedlegging fører til at folk flyttar frå bygda. Sidan 1986 har ca. 900 nærmiljøskular forsvunne.

– Skulenedlegging er enda ein skrue i sentraliseringskarusellen, seier Bogen.

Færre elevar

I Volda har elevtalet gått ned og utrekningar frå staten seier at det dermed skal koste fire millionar kroner mindre å drifte skulane neste år.

– Problemet er at då må vi redusere talet på klasser og dermed vert grendeskulane truga, seier Sjurgard. Han fryktar at det norske systemet skal gjere det nærast umogleg for folk som ynskjer å bu på bygda, og spør seg kva styresmaktene vil.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL