NRK Meny
Normal

– Vi trengte ein vekkjar

Ingrid Sara Grimstad Amundsgård meiner nedturen som har ramma petroleumsnæringa hardt har vore ein viktig vekkjar.

Ingrid Sara Grimstad Amundsgård

Ingrid Sara Grimstad Amundsgård er administrerande direktør i stiftinga Navitas, som hjelper leverandørindustrien i kampen om oppdraga.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Tynne ordrebøker pregar mange selskap og fleire har gått til oppsigelsar som eit resultat av dei dårlege tidene i petrolemsnæringa. Også leverandørindustrien er hardt ramma.

Ingrid Sara Grimstad Amundsgård i stiftinga Nivitas, som hjelper leverandørindustrien i kampen om oppdraga, ser likevel lyst på framtida.

– Ein skal ikkje svartmåle situasjonen heilt. Det er ikkje slik at alt står heilt stille.

Kostnadseffektive

Grimstad Amundsgård peikar på at nedturen i næringa har vore ein viktig vekkjar for å få ned kostnadane.

Utbygginga av Nyhamna 2006

Mange lokale bedrifter hadde oppdrag under utbyggjinga på Nyhamna.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

Å få ned kostnadane er noko også alle små selskap som skal vere med å kjempe om oppdraga framover må bidra til.

– Det er ikkje tvil om at dei små leverandørane har utruleg kostnadseffektive løysingar, men har vanskeleg for å nå fram hos leverandørane.

Ormen Lange

Modifikasjons- og vedlikehaldsmarknaden er nesten halvert samanlikna med få år tilbake. Men lokalt har utbyggingsprosjektet på Nyhamna på Aukra blitt redninga for mange.

– Mange leverandørar hadde ikkje vore der dei er i dag om det ikkje hadde vore for at dei har levert til Ormen Lange under utbygginga.

Mange lokale bedrifter som kjempa om å vere med på utbygginga av Ormen Lange-utbygginga for ti år sidan har no kvalifisert seg til å vere med å kjempe om nye oppdrag.

– Utbygginga på Nyhamna har heilt klart vore ein utruleg viktig bidragsytar for å løfte lokale selskap. Selskapa har blitt så gode at dei ikkje berre kan levere lokalt, men også nasjonalt og internasjonalt.