– Vi sunnmøringar forstår eit godt tilbod

Låg interesse og dalande tilskodartal har blitt eit problem for AaFK. No blir det sett i gang ein kampanje for å få fleire til å kome på kamp.

Arill Riise

AaFK-patriot Arill Riise oppmodar folk til å møte opp å heie fram AaFK under søndagens kamp mot Sandefjord.

Foto: NRK

Det var måndag ettermiddag at AaFK-patriot Arill Riise, kjent frå TV2, la ut eit innlegg på Facebook der han oppmoda folk til å møte opp å heie fram AaFK under søndagens kamp mot Sandefjord.

«No må vi fylle stadion folkens og sørge for at ‪#‎AaFK‬ fjernar all tvil om tippeligakontrakt i 2016. Då må vi slå Sandefjord søndag. Eg har tenkt å ta med meg mange vener, gjerne heile familien og nabo Alfred Husteli. Ta med ein ven tagg han/ho og utfordr andre på fjesboka til å gjere det same. Men vi sunnmøringar likar ikkje at det blir for dyrt. Har du ein skikkeleg vennepris søndag Henrik Hoff?», skreiv Riise, med ei klar oppmoding til leiinga i klubben.

– Vi må samle folk, særleg no i innspurten. Difor gjekk eg ut på Facebook og oppfordra «gjerrige» Henrik Hoff (AaFK-direktør) til å senke prisen, seier Riise lattermild.

AaFK tok oppfordringa

Arill Riise og familien på AaFK kamp

AaFK-patriot Arill Riise skal ta med seg familien sin på AaFK-kamp søndag. Dette bilete la Riise ut få Facebook saman med oppmodinga å heie fram AaFK under søndagens kamp mot Sandefjord.

Foto: Privat

AaFK, som har slite med dalande tilskodartal, tok oppfordringa og senka billettprisen for søndagens kamp til 100 kr.

– Det er ikkje kjekt at vi har hatt minkande tilskodartala, og vi hadde lyst å gjere noko med det. Det er klart at vi ikkje har innfridd resultatmessig, men dei supporterane som er med heile vegen, til og med i motgang, er svært viktige. Det gir ein fantastisk kjensle når ein då kan kjempe seg tilbake frå botnen, seier Øyvind Vebenstad, arrangementsansvarleg i AaFK.

Riise var ein av dei som ikkje ville sitte stille å sjå på dei fallande tilskodartala.

– Vi Sunnmøringar forstår eit godt tilbod, seier han spøkefullt.

Håpar på fulle tribunar

Vebenstad setter pris på tiltaket frå Riise og det engasjementet som han og andre supporterar viser for laget. Innlegg har no blitt delt nærare 300 gongar på Facebook.

Arill Riise

Arill Riise og Øyvind Vebenstad håpar mange kjem på kamp søndag.

Foto: NRK

– Vi har mange fantastiske supporterar, og Arill er ein av dei. Vi ser at det er mange som har delt innlegget, og eg gler meg til å sjå mange av dei på søndag, seier Vebenstad.

No håpar dei begge at tiltaket vil få fleire til å ta turen til Color Line Stadion på søndag

– Vi i publikum har ein stor jobb å gjere. Vi skal undervise dommaren og linjemannen, i tillegg til å engasjere og heie fram fotballspelarane, seier Riise lattermild.

– Eg har fått med meg 14 personar frå familien min til å bli med, mange av dei for første gong. Det er ei oppleving ein huskar lenge, held han fram.

I Ålesund har interessen for AAFK vært dalende. Nå settes det igang ei kampanje for å få flere på kamp, og billettprisen på kommende helgs elitseriekamp mot Sandefjord blir 100 kroner uansett plassering.

VIDEO: Sjå kva folk på gata syntest om tiltaket.

Siste video/lyd

Avisene bur seg på nok ei helg der folk ikkje får avisa si.
Tidens Krav i Kristiansund set inn ekstratiltak for å kunne å nå ut til alle med laurdagsavisa.
Arbeidsledigheten blant ingeniørene mer en doblet i Møre og Romsdal på ett år.
Skoleelever slår til med annerledes julekalender. Det handler ikke om å få, men å gi til de som trenger det.