NRK Meny
Normal

– Vi skal kjempe i toppen

MFK har alt å forsvare etter den beste sesongen nokon gong. På årets første trening lova trenar Tor Ole Skullerud at dei skal kjempe i toppen også i år.

Tor Ole Skullerud

Trenar Tor Ole Skullerud lovar å få MFK-spelarane i form til å kjempe i toppen av eliteserien.

Foto: Roar Strøm / NRK

Med ein fantastisk sesong bak seg, med både cup- og seriegull, viste MFK-spelarane stor vilje til å vise seg fram under årets første trening i dag.

– Det er godt å sjå spelarane på trening igjen, seier ein MFK-trenar Tor Ole Skullerud.

Høge forventningar

Ute er det vått og kaldt, men inne i Akerhallen heldt MFK-spelarane varmen etter ein lang juleferie. No skal grunnlaget verte lagt for årets sesong.

Med dobbelt gull i sesongen 2014, har mange fotballglade høge forventningar til at laget skal innfri også i år.

Skullerud trur ikkje det vert noko problem å nullstille seg etter MFK sin beste sesong nokon gong.

– Det er ikkje vanskeleg for denne gjengen å nullstille seg. Vi har mange unge spelarar i stallen som er svoltne på meir.

Molde Fotballklubb har mykje å forsvare i årets sesong. Etter cupgull og seriegull ifjor trur trenaren at lalaget greier å nullstille seg for å kjempe i toppen også i år.

Bygge opp spelarane

Det tek alltid litt tid å kome i gang att etter at ein ikkje har spelt så mykje fotball på ei stund, så planen er å gjere det sakte men sikkert og fornuftig.

– No skal vi bruke tida på å ha det moro og kome i gang. Når alvoret nærmar seg skal vi nok klare å vere på plass, seier MFK-trenaren.

– Vi skal på ein fornuftig måte bygge opp kvar og ein av spelarane slik at vi ikkje opnar for tøft, men heller ikkje for slapt.

Kven som forsvinn og kven som kjem til etter at overgangsvindauget opna 8.januar, veit ein lite om i dag, men fleire av MFK sine nøkkelspelarar kan raskt forsvinne ut i Europa om tilboda skulle kome.

Før det stengjer veit ingen trenar kva tropp han rår over i sesongen som kjem. Skullerud sjølv seier at han er realist.

– Fotball er slik at det kan skje ting og det er vi budd på. Men det forsvinn ikkje mange herifrå, det gjer det ikkje, lovar MFK-trenaren.

– Håper dei fleste vert verande

Ein som ikkje har planar om å forlate MFK no er den trufaste kapteinen Daniel Berg Hestad. Han har spelt fleire kampar på høgaste nivå enn nokon norsk spelar. Han har fleire gongar vurdert å gi seg, men er framleis med og er ein viktig spelar for Molde.

Daniel Berg Hestad

MFK-veteran Daniel Berg Hestad heng med også i 2015.

Foto: Roar Strøm / NRK

I år blir han 40 og synest det er fint å vere i gang igjen etter ein lang juleferie.

– Vi har hatt ein lang pause og no er det på tide å byrje å springe igjen. Desse månadane med trening er viktige for å legge grunnlaget for nok ein god sesong, seier MFK-veteranen.

Han er ikkje bekymra for om fleire nøkkelspelarar kan forsvinne.

– Vi har ein stor stall med mange gode spelarar. Eg håper dei fleste vert verande i klubben, slik at vi kan oppretthalde det høge nivået vi har i dag. Vi har meir enn nok av ressursar til å kjempe i toppen, men gode spelarar er alltid velkomne.