Hopp til innhold

– Vi skal ikkje sitje rolege i båten

Stranda-ordføraren blir styreleiar for Sunnmøre Regionråd. Vil gjerne snakke meir med Sogn og Fjordane.

Jan Ove Tryggestad

– Eg vil gjerne at vi skal snakke meir med Sogn og Fjordane, seier Jan Ove Tryggestad. Stranda-ordføraren er nyvald leiar i Sunnmøre Regionråd.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Vi har vore i samtalar med Sogn og Fjordane. Og vi skal ha fleire, seier Stranda-ordførar Jan Ove Tryggestad. Han er nyvald styreleiar i Sunnmøre Regionråd.

Tryggestad har tatt over etter hareidsordføraren Anders Riise, som ivra for å sjå sørover.

Vil følge nøye med

– Eg trur ikkje han og eg er så langt frå kvarandre. Vi veit at dette er ei sak for fylket, men vi i Sunnmøre Regionråd skal følge prosessen nøye, seier han.

Anne Britt Øen Nygård og Jan Ove Tryggestad

Jan Ove Tryggestad har tidlegare hatt møte på grensa med ordføraren i Hornindal, Anne Britt Øen Nygård.

Foto: Bård Siem / NRK

– Vi skal ikkje sitje rolege i båten. Når nordmørskommunar seier at dei vil til Trøndelag, må vi kunne snakke med Sogn og Fjordane, seier senterpartiordføraren.

Volda snur blikket frå Ørsta mot Nordfjord

– Har mykje til felles

Tryggestad meiner sunnmøringane har mykje til felles med dei på andre sida av fylkesgrensa. Det gjeld både næringsliv og kultur.

– Dette blir nok ei stor sak, som ikkje blir avgjort med det første, seier den nye styreleiaren i Sunnmøre Regionråd.

Møte på grensa for å diskutere storkommune