Hopp til innhold

Gjentok suksessen frå 2011

Det ligg an til ein kalddusj for Høgre i heile landet. Også i Molde viser førehandsrøystene at partiet går tilbake. Men når stemmene var ferdig telt opp viste det seg at Høgre har fått fornya tillit.

Ordførar Torgeir Dahl kommenterer prognosane.

Vallogo

På Alexandra Hotell i Molde har Høgre og Venstre valvake. Førehandsrøystene for Høgre viser ei oppslutnad på 32,7 prosent.

– Det er litt svakare enn sist, men det er framleis eit god resultat, seier Torgeir Dahl.

Høgre og toppkandidat Torgeir Dahl endte med 34,7 prosent av røystene. Partiet har gjentatt suksessen frå 2011.

I år stiller mange mindre parti liste i Molde. Blant anna markerer Borgarlista seg

– Vi var budde på at Borgarlista kunne gjer det betre enn meiningsmålinga i Romsdals Budstikke presenterte tidlegare, seier Dahl.

Jubelsong og god stemning på valvaket. Terje Tovan kommenterer.

På landsplan viser den første oversikta at regjeringspartia Høgre og Frp har størst tilbakegang.

– Vi ser nok litt styringsslitasje rundt om. Men i Molde må vi seie at vi har gjort ein god valkamp. Visst vi kjem i nærleiken av slik det ser ut no, er det ikkje dårleg at kvar tredje stemmer på Høgre, seier Dahl. Han har ein ambisjon om å matche valet for fire år sidan.

Kjenner du deg trygg som ordførar?

– Med den spredninga det ser ut i prognosane, står fram vi som det klart største partiet og difor må vi ta eit ansvar, seier Dahl.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL