– Vi mot resten

Frank Sve og resten av landsstyret i Frp er søndag samla til eit ekstraordinært møte for å diskutere bompengar. – Det er vi mot resten i kampen mot bompengar, seier fylkesleiaren til Sunnmørsposten. Då landsstyremøtet i juni var samla for å diskutere bompengekrisa, måtte Frp-leiar Siv Jensen ha krisemøte med Sve etter at han fremma eit forslag som ville ha sendt Frp ut av regjering. Denne gong er han ifølgje avisa meir avdempa, men seier han forventar at det blir lagt fram konkrete forslag under dagens møte.

Frank Sve taler på bompengedemonstrasjon i Ålesund
Foto: Øyvind Sandnes