Hopp til innhold

Føler seg heldige: – Vi må nesten knipe oss sjølv i armen

Verdas beste fotballsøstrer er heime på Sunndalsøra for å lade batteria etter det som har vore eit fantastisk halvår i Frankrike. Men Ada Stolsmo Hegerberg opnar framleis ikkje opp for å ta på seg landslagstrøya igjen.

Ada og Andrine Stolsmo Hegerberg

Søstrene Andrine og Ada Hegerberg prøver å ta turen heim til Sunndalsøra så ofte dei kan.

Foto: Roar Halten / NRK

Kunstutstilling, musikkspelet Lady Arbuthnott, avslapping og ikkje minst, kvalitetstid med familien, er noko av det som står på planen når søstrene Andrine og Ada Stolsmo Hegerberg er på besøk heime i Sunndalsøra.

– Det er kjekt å gå rundt å sjå. Det er barndomsminne overalt, seier Andrine.

Travelt år

Og det kan vere greitt med eit lite pust i bakken for dei to travle fotballsøstrene.

– Å planlegge liva våre har blitt vanskelegare med åra, men vi prøver å kome heim så ofte vi kan, og minst ein gong i året. Helst på sommaren og i jula, seier Andrine.

Søstrene Andrine Hegerberg og Ada Hegerberg

Søstrene Andrine og Ada Stolsmo Hegerberg frå då dei begge spelte på det norske landslaget i fotball.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

For det har vore eit hektisk år for Hegerberg-søstrene. Meisterligasiger, nysignering med Lyon, og ikkje minst storesøster Andrine sin overgang til den franske serien. I januar signerte ho med topplaget Paris Saint-Germain (PSG) og i mai møttest dei to i den franske cupfinalen.

– At Ada også er der er ein kjempebonus, og eg har hatt det utruleg kjekt etter at eg kom til Frankrike. Ikkje minst mykje enklare for mamma og pappa, seier Andrine og ler.

Men det er ikkje berre gøy og moro. Begge søstrene har travle dagar, men mykje hardt arbeid og lange dagar.

– Vi har mykje fokus på klubbane våre og å vinne når vi er på plass i Frankrike. Men det er heilt utruleg at ho har meldt overgang til PSG, som er blant topp tre klubbar i Europa. Vi er ganske heldige og må nesten knipe oss i armen frå tid til anna for å innsjå kor stort dette faktisk er, seier Ada.

Best betalt

I juni i år signerte Ada ei kontrakt med Lyon som gjer henne til verdas best betalte kvinnelege fotballspelar. Ho vil ikkje snakke om kor mykje ho tener, men meiner lønna er viktig for likestillinga i fotballen.

Ada Hegerberg

I juni forlenga Ada Stolsmo Hegerberg si kontrakt med Lyon, og blei samtidig verdas best betalte kvinnelege fotballspelar.

Foto: Damien LG / DamienLGphoto

– Det er eit høgt nivå, og då synest eg det skal vere på det nivået også når det gjeld lønn. Ein skal gjere seg fortent til den kvardagen ein har jobba for, så det er eit steg på vegen.

– Eg er alle fall kjempefornøgd med å kunne fortsette i Lyon og ser fram til tre draumeår, seier ho.

Vil ikkje snakke om landslagsspel

I 2017 valde Ada å trekke seg frå det norske fotballandslaget, og kom samtidig med kritikk mot NFF. Sidan har ho ikkje vore ein del av laget.

– Det er morosamt at eg blir spurt om dette igjen og igjen. Du må nesten spørje om noko anna, for situasjonen er den same, seier Ada då NRKs reporter spør om ein retur til det norske fotballandslaget.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL