Hopp til innhold

– Vi må kjempe for det vi har kjært

Store folkemengder har demonstrert og gått i fakkeltog i protest mot kutta i Helse Møre og Romsdal. Men det er likevel usikkert kor stor effekt desse faktisk har.

Fakkeltog og demonstrasjonar i Ålesund, Aure og Kristiansund

Dei siste dagane har det vore demonstrasjon og fakkeltog i Aure, Molde, Kristiansund og Ålesund.

Foto: NRK

Aure, Kristiansund, Molde og Ålesund er blant stadane det har blitt demonstrert mot kuttforslaga i Helse Møre og Romsdal. Ein rekke tilbod er trua av nedskjeringar i samband med innsparingane på heile 131 millionar kroner. Med tente faklar har dei frammøtte vist motstand mot det dei meiner er urimelege kutt.

Ei lang rekke med misfornøgde nordmøringar trakka seg gjennom gatene i Kristiansund søndag. Blant dei 2000 demonstrantane var Andreas Krug, som har fått nok av Helse Møre og Romsdal sine kuttplanar.

– Eg går i tog fordi eg vil behalde akutt- og fødetilbodet ved sjukehuset i Kristiansund.

– Vi må bli høyrt og vi må kjempe for det vi har kjært, sa Ann Mari Nasvik, som også deltok i demonstrasjonen.

Demonstrasjon i Molde

Laurdag var det fyr på faklane i Molde. Demonstrantane krev meir pengar til sjukehusa og at det blir slutt på nedskjeringane.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

– Mange og sterke

Og fakkeltog som ein metode for å uttrykke protest har ein lang tradisjon, skal ein tru Kristin Strømsnes, professor ved Institutt for samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Fakkeltog ved sjukehuset i Ålesund

Fakkeltog er ein måte å uttrykke at ein er mange og sterke, seier Kristin Strømsnes.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

– Det er ein måte å uttrykke at ein er mange og sterke. Gjennomført i mørke gir dei også eit visuelt sterkt bilde av nettopp dette. Sjølv om faklane i dag blir brukt mest som eit symbol, ligg det også ein trussel om skadeverk i faklane, om å sette bygningar i brann eller liknande, seier ho.

Demonstrasjonar har blitt ein viktig del av demokratiet og ei form for ytring som alle kan delta i, fortel Thor Øivind Jensen. Han er norsk statsvitar og førsteamanuensis ved Institutt for administrasjon og organisasjonsvitenskap ved Universitetet i Bergen. Ifølge Jensen kan demonstrasjonar også ha ei samlande effekt.

– Ein samlar seg om enkeltsaker, for eksempel å protestere mot sjukehusnedleggingar. I det større bildet så blir det ein kamp mellom dei lokale og den sentrale eliten.

Opp gjennom åra har også blitt ein meir vanleg måte å uttrykke seg på.

– Om vi går nokre tiår tilbake i tid så sat det ganske langt inne for mange å gå i demonstrasjonstog. Då var det eit svært dramatisk verkemiddel og ein måtte ofte vere frykteleg sint.

Flere folk i fakkeltoget på Aure
Foto: Roar Halten / NRK

Usikker effekt

Men sjølv om fakkeltog og demonstrasjonar kan skape mykje merksemd rundt ei sak, er det nødvendigvis ikkje alltid slik at det vil påverke utfallet.

Thor Øivind Jensen

Thor Øivind Jensen seier at demonstrasjonar er ein viktig del av demokratiet.

Foto: Universitetet i Bergen

– Det ein statsvitenskapleg diskusjon der ein av sidene ser demonstrasjonen mest som «sand i maskineriet» ettersom det ofte er eit opprør mot vedtak som allereie er fatta, seier Jensen.

Han vektlegg at effekten av slike markeringar må undersøkast i kvart enkelt tilfelle.

– Det kan gå prestisje i å gjennomføre prosessar og demonstrantane blir dermed taparane. Men dersom ein ser på det lengre perspektivet kan ein sjå at desse protestane har hatt effekt, og at politikken blir endra.

– Viktig å skape merksemd

Sjukepleiarstudent Maiken Solberg var ein av dei som møtte opp i fakkeldemonstrasjonen i Ålesund.

Maiken Solberg

Maiken Solberg trur at fakkeltog og demonstrasjonar kan vere med på å påverke utfallet i ei sak.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

– Det er viktig å skape merksemd rundt dei sakene som ein har lyst til å bidra å fremje, seier ho.

Solberg har tru på at slike markeringar kan utgjere ein forskjell.

– Ja, det trur eg. Om nok folk engasjerer seg. Eg hadde ikkje deltatt om eg ikkje hadde trudd at det kunne påverke utfallet, seier ho.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL