Hopp til innhold

– Vi må hjelpe kvarandre

180 næringslivsleiarar var samla i regi av Molde Næringsforum i dag. Trass i nedbemanning og underskot, var medlemmene i forumet opptekne av å tenke nytt og tilpasse seg ein marknad som ser annleis ut i framtida.

Richard Myhre

Direktør i Axtech i Molde, Richard Myhre, meiner at bedriftene og næringslivet må samarbeide for å vere betre rusta for framtida.

Foto: Ann-Eli Nøsen / NRK

Samarbeid mellom konkurrentar er ein måte å tenke nytt på ifølgje administrerande direktør i Axtech i Molde, Richard Myhre.

– Her må industrien hjelpe kvarandre og spele kvarandre gode, det er det som skapar framdrift, seier han.

Myhre meiner at bedrifter og næringslivet i Molde er flinke til å jobbe saman.

– Sjølv konkurrentar set seg ned saman og diskuterer kva dei kan samarbeide om. Ein treng ikkje å dele alt, men ein kan dele det ein kan slik at vi kan hjelpe kvarandre, seier han.

Forsiktig optimisme

I dag møttest 180 næringslivsleiarar i regi av Molde Næringsforum i nybygget til Brunvoll på Årø. Trass i raude tal og nedbemanningar for dei fleste var stemninga prega av optimisme og nytenking sjølv om mange meiner at ein må vente heilt til 2020 før ein ny marknad er oppe og går.

Likevel er det forsiktig optimisme blant næringslivsleiarane.

– At ein propell-leverandør som Brunvoll samarbeider med oss som jobbar med løfteutstyr viser at det finst synergiar her som kan utviklast, seier Myhre.

Han synest det er spennande.

– Det er veldig spennande. Det er alltid artig å leike saman med andre flinke folk, seier Myhre.