Hopp til innhold

– Vi må bli meir direkte

Aalesund-trenar Harald Aabrekk meiner laget må endre kursen etter gårsdagens 2–0 tap på heimebane.

Harald Aabrekk

Aalesund-trenar Harald Aabrekk meiner laget må bli meir direkte dersom dei skal kome seg opp frå botnen av tabellen.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

Aalesunds Fotballklubb står framleis med berre eitt fattig poeng i årets eliteserie etter 2–0 tapet for Tromsø i går.

– Vi er sjølvsagt skuffa. Det var ein kamp mot ein jamn motstandar, og vi har ballen i delar av kampen, men vi klarar ikkje å skape nok trykk til at vi får scoringar ut av det, seier Aabrekk.

Meir direkte

Aalesund fekk ein etterlengta opptur i NM-cupen onsdag, då dei vann 3–1 over Stryn.

Aabrekk gjekk offensivt ut framfor kampen mot Tromsø og garanterte tre poeng på klubben sin eigen nettstad. Han uttalte også at han hadde planar om å vise fram nye AaFK på skikkeleg vis. Slik gjekk det ikkje.

– Det er klart at vi må ta denne situasjonen seriøst. Den er vond, og vi må legge om kursen, seier Aabrekk.

No varslar Aalesund-trenaren at spelestilen må bli meir direkte.

– Vi kjem bra i gong, men det blir for sentrert. Meininga var at vi skulle angripe rundt dei, men vi greier ikkje å trenge gjennom. Vi er nøydd til å bli meir direkte, seier han.

– Ikkje bra nok

AaFK-keeper Sten Grytebust, var heller ingen glad mann etter gårsdagens oppgjer, og var knallhard i sin over mot klubben.

Sten Grytebust

AaFK-keeper Sten Grytebust var knallhard i sin dom over klubben.

Foto: Nesvold, Jon Olav / NTB scanpix

– Det er fleire faktorar som spelar inn her. For det første gjer ikkje spelarane jobben på bana. Vi gjer ikkje det vi har snakka om at vi skal gjere, seier Grytebust.

– I tillegg må vi sjå på heilskapen. Klubben gjer ikkje ein bra nok jobb slik som ting er no, held han fram.

Botnstrid

Etter to tap og ein uavgjort kamp i serieopninga, er det mange som har kritisert den svake seriestarten til fotballklubben. Presset var difor stort i forkant av søndagens kamp mot Tromsø.

Aalesund-trenaren innrømmer at dei no kjempar i botnen av tabellen.

– Akkurat no kjempar vi ein botnstrid. Vi skal ut av denne situasjonen og då er det berre resultat som gjeld, seier Aabrekk.

– Då er det viktig at vi erkjenner den situasjonen vi er i, slik at vi kan kome oss vidare, held han fram.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL