Hopp til innhold

– Vi kan slå hvem som helst

Hødd er sterke i trua på kvalifiseringsplass i 1.divisjon. Men då tel kvart eit poeng - i dag er planen å slå sterke Ranheim på bortebane.

Lars Arne Nilsen

Hødd-trenar Lars Arne Nilsen har hatt mykje å juble for. No håper han å kunne forlate Ranheim med ein siger i bagasjen.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

Følg Ranheim-Hødd frå klokka 16.00

– Det blir tøft å møte Ranheim borte, men vi har reist opp for å vinne, seier ein entusiastisk Hødd-trenar, Lars Arne Nilsen.

Med tre sigrar på dei fire siste kampane er dei sterk i trua på å vinne mot Ranheim, som no ligg på 3.plass på tabellen. Men det blir inga enkel oppgåve, trur Nilsen.

– Det er ingen enkle kampar i førstedivisjon, det blir heller ikkje denne. Men vi har vore i bra slag i det siste og er forsiktige optimistar. Det blir nok ein jamn og tøff kamp, men det er mogleg å ta dei og det har vi tenkt å prøve på.

Slo serieleiaren

Forrige seriekamp, klarte Hødd å bryte sigersrekka til serieleiar Bodø/Glimt, då dei vann 2-1 over dei på Høddvoll.

Bodø/Glimt hadde då 17 seriekampar på rad utan tap og 12 på rad med siger.

– Det viser berre at alt er mogleg og at vi kan slå kven som helst, meiner Nilsen.

Les:

Espen Standal scorar

Hødd sin Espen Standal (t.h.) jubla saman med Pål André Helland etter 1-0 i kvalifiseringskampen til Europa League i fotball mellom Hødd og Aktobe på Høddvoll. No har Helland forlate klubben til fordel for Rosenborg.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

Likevel er det på heimebane Hødd har vore best i det siste. No gjeld det å klare og mobilisere like sterkt på bortebane.

– Vi går i alle fall på banen i dag med tru på at vi skal ta poeng.

Og Hødd-trenaren har oppskrifta klar for korleis dei skal klare å drage i land ein siger i dag.

– Vi må vere tøffe i duellane våre, vi må springe og vi må verkeleg ønskje å vinne.

– Det blir ein spanande haust

Hødd-trenar Lars Arne Nilsen har hatt eit møte med spelarane sine der dei har blitt einige om at no må alle saman jobbe litt ekstra. Om Hødd gjer det dei skal gjere i dei resterande åtte kampane, kan dei kome på kvalifiseringsplass.

– Men her blir det «close race» heilt inn, det er heilt sikkert. Det er sju åtte lag som ligg og kjempar om kvalifiseringsplassane, så her kan alt skje. Det blir ein veldig spanande haust.

Hødd-trenaren synest godt det er plass til eit eliteserielag til i Møre og Romsdal.

– Ja, dte hadde ikkje gjort noko. Vi er i alle fall i posisjon til å få ein kvalifiseringsplass og i kvalifiseringa til eliteserien kan alt skje.

Hødd feirar

Hødd sin Jesper Törnqvist (t.v.), Steffen Moltu, Joachim Magnussen, Akeem Latifu, Erik Sandal og Pål Andre Helland feira etter kvalifiseringskampen til Europa League i fotball mot Aktobe.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

Mist viktige spelarar

Hødd sin suksess, med godt spel i 1.divisjon, kvalifiseringa til Europaligaen og ikkje minst cupsigeren i 2012, har gjort at Hødd-spelarane har blitt ettertrakta og mange har gått til andre klubbar på høgare nivå.

Sist forlot Pål André Helland klubben til fordel for Rosenborg og Akeem Latifu vart Aalesund-spelar.

Les:

Lars Arne Nilsen skryt av korleis dei gjenverande spelarane har takla situsajonen.

– Eg synest gutane overraskar meg litt etter det som skjedde med Pål André og Akeem. Gutane har prøvd å kompensere det at vi har mist viktige spelarar med å gi 110 prosent i alt dei gjer, både på trening og i kamp. Det at vi har vunne tre av dei fire siste kampane viser i alle fall at dei har lyst til å henge med heilt ut.

Og er lysta og innsatsen like stor resten av haustsesongen, kan Hødd hamne heilt i toppen av 1.divisjon.

– Vi har ikkje gitt opp. No er det berre éin ting som står att, og det er å kome seg så høgt som mogleg på 1.divisjonstabellen og å spele så gode kampar som mogleg dei åtte kampane som er att.