NRK Meny
Normal

– Vi kan misse ein svært viktig kompetanse

Småbrukarlaget i Møre og Romsdal fryktar sentraliseringa av forskarmiljø og er sterkt uroa over at Bioforsk på Tingvoll kan bli nedlagd.

Stein Brubæk i Bonde- og småbrukarlaget

Leiar i Bonde- og småbrukarlaget i Møre og Romsdal, Stein Brubæk reagerer på at Bioforsk kan forsvinne frå Tingvoll.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

Bioforsk på Tingvoll er eit forskingsinstitutt med spisskompetanse på eit høgt internasjonalt nivå innan landbruk, matproduksjon, plantehelse, miljø og ressursforvaltning. Men for nokre veker sidan blei det klart at styret i Bioforsk foreslo å seie opp avtalen med NORSØK og trekke seg ut av kommunen. Anlegget på Tingvoll står dermed i fare for å bli lagt ned .

– Forskingsmiljøet på Tingvoll betyr mykje for økologisk landbruk i heile landet, seier nyvald leiar i småbrukarlaget i Møre og Romsdal, Stein Brubæk.

– Raserer miljøet

Brbæk peikar på at ved å legge ned forskingsmiljøet på Tingvoll så misser ein ein svært viktig kompetanse.

– Skal vi ha ein matproduksjon over heile landet slik som regjeringa seier, og til og med auke den, så må vi også forske på korleis vi skal få det til, poengterer Brubæk.

Forskingsmiljøet med 37 tilsette på Tingvoll fryktar at sentraliseringa som styret i Bioforsk legg opp til vil rasere miljøet som er bygd opp om økologisk landbruk på Tingvoll.

Brubæk stiller seg spørjande til heile prosessen.

– Kvifor i alle dager skal ein rive ned eit miljø som ein har brukt tid på å bygge opp?

Les også:

Bioforsk Tingvoll

Det er usikkert korleis framtida til Bioforsk på Tingvoll blir.

Foto: Roar Halten / NRK

Krev at forskarmiljøet får bli

Rigmor Andersen Eide

Stortingsrepresentant Rigmor Andersen Eide (KrF) støttar Biforsk på Tingvoll.

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

Småbrukarlaget får støtte frå politisk hald.

Stortingsrepresentant Rigmor Andersen Eide (KrF) meiner styrevedtaket i Bioforsk er både diffust, lite konkret og utfordrande for Tingvollavdelinga.

Møre og Romsdal KrF har årsmøte i helga og dei krev at det økologiske forskingsmiljøet på Tingvoll blir teke vare på.

– Det er ikkje sikkert at kompetansen blir med på eit eventuelt flyttelass, seier Andersen Eide.

Les også:

Felles front mot nedlegging

Også SV slår ring om Bioforsk på Tingvoll. SV-utsendingar frå fem fylke nytta landsmøtet i helga til å lage felles front mot nedlegging og nedbygging av Bioforsk-sentera rundt om i landet.

Ingrid Opedal på landsmøte

Ingrid Opedal nytta saman med utsendingar frå fire andre fylke SV sitt landsmøte til å lage felles front mot nedlegging av Bioforsk-sentera.

Foto: SV

– Vi ynskjer å vise NIBIO-styret, som skal gjere vedtak i saka 23. mars, at det er livsviktig å halde oppe dei livskraftige sentera i Finnmark, Troms, Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane og Oppland som er eller har vore trua av nedlegging, seier talsperson Ingrid Opedal frå Møre og Romsdal.

Med på laget har dei stortingsrepresentant Karin Andersen, som vil krevje at saka kjem til Stortinget for avgjerd dersom ikkje styret snur.

Les også: