Hopp til innhold

– Vi har mykje større skred i vente

Det er sannsynleg at 120.000 kubikkmeter fjell snart løsnar frå Mannen. Skredhistorikar Astor Furseth meiner det blir ein fin test for overvakinga av dei verkeleg store fjellskreda i området.

Eksperter fra Vegvesenet i helikopter for å inspiserte fjellet Mannen i Romsdalen

Området som kan rase ut om kort tid er ein liten del av eit større skredområde i Mannen. Det vil gjere stor skade i Romsdalen.

Foto: Tore Meek / NTB scanpix

– Sjølve skredet er ikkje så uvanleg, men at vi kan følge utviklinga så detaljert som no, det er heilt spesielt.

Det seier forfattar og lokalhistorikar Astor Furseth. Han har gitt ut fleire bøker om fjellskred igjennom historia, og har god oversikt over fjellskred i Noreg.

– Ein fin test

Det er venta at skredet frå Mannen vil gå innan kort tid. Dette skredet er rekna som eit lite skred, samanlikna med andre fjellskred. Alle som bur i området er evakuerte og ingen liv er i fare. Furseth meiner derfor at det er ein anna grunn til at det blir spennande å følge med.

– Dette er jo ein fin test på korleis overvåkinga fungerer, og det blir nyttig for å vere godt førebudd når dei verkeleg store skreda kjem. Vi har sannsynlegvis verdens beste teknologi her, og no får vi prøvd det ut, seier Furseth.

I Romsdalen og på Sunnmøre er det tre store fjellparti som blir overvåka døgnet rundt. Eit større skredparti i Mannen, Hegguraksla i Norddal og Åkneset i Stranda vil alle bli fjellskred som er langt større enn det vi no ventar på. Det er dei same geologane som overvåkar alle desse.

Den store Mannen

Astor Furseth

Astor Furseth seier skredet frå Mannen er eit lite skred i forhold til fleire andre skred i regionen.

Foto: Mattias Rolighed Bergset

Det store skredet i Mannen er noko heilt anna enn det som er varsla no. Det kan gå om 10 til 30 år, og sjølv om det blir varsla, vil det gjere stor skade.

Dette skredet vil kunne demme opp heile dalen, og det kan få mykje større følger.

– Først vil det demme opp heile dalen og legge store område under vatn. Før eller seinare vil denne demninga sprekke, og då får vi ein flodbølge som vil kunne gjere store skader og oversvømme sentrum i Åndalsnes, seier Furseth.

Dette skredpartiet er tre millionar kubikkmeter og blir rekna som eit stort fjellskred. Det går to til fire store fjellskred per 100 år. Den delen av Mannen som snart kan løsne er 120 000 kubikkmeter.

Dødsskred i nabolaget

Det har gått veldig mange skred i akkurat denne dalen. Den største skredkatastrofa ein kjenner til er frå 1822 på Søre Flatmark, ein gard som ligg like aust for det området som no er evakuert.

– Det var ei fjellsprekk i ein hammar over garden og folk var klare over at den utvida seg. Den gangen gjekk tre menneskeliv tapt, men det kunne ha gått mykje verre, for det kom overlevande kravlande ut mellom dei store steinane. Det er den største skredkatastrofa vi har hatt i området, seier Furseth.

I tillegg har det gått større skred i området, men dei har ikkje tatt menneskeliv.

– Dei som har budd i dalen har ikkje busett seg i dei mest utsette områda. Derfor er det sjeldan at folk har blitt tatt av fjellskreda, seier Furseth.

Ventar tsunami innan 50 år

Rasfare fra Mannen

Denne grafiske modellen av fjellet Mannen viser kor stor del av fjellet som kjem til å rase ut i første omgang.

Foto: Marco Vaglieri

Den største potensielle katastrofa i regionen er Åkneset i Storfjorden, som vil lage ein tsunami i Storfjorden. Ei 80 meter høg flodbølge vil kunne treffe Hellesylt, Geiranger og fleire andre tettstader, dersom heile fjellsida rasar ut på same tid.

– Åkneset har vore overvåka sidan 1986, og dei siste ti åra har vi hatt radarovervåking der. Så mykje som 60-70 millionar kubikkmeter kan løsne, men det er ikkje sannsynleg at alt vil rase på éin gong.

Astor Furseth har rekna på det og funne ut at så store steinmasser er nok til å byggje ei bru frå jorda til månen.

– Det har eg til og med fått ein ingeniør til å bekrefte, seier han.

Direkte: Bilder fra fjellet Mannen.