Hopp til innhold

– Vi har ein spennande dag i vente

Det kraftige regnvêret som er meldt i dag kan sette fart i partiet som er i ferd med å rase ut ved fjellet Mannen. I Rauma ventar lokalbefolkninga i spenning.

Mannen - ordfører Lars Olav Hustad

Rauma-ordførar Lars Olav Hustad seier han er spent no når regndagen har kome.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

– Det har eigentleg vore spennande sidan vi fekk den fyrste meldinga, men no har det byrja å regne, og det aukar sjansen for at det kan skje noko i fjellpartiet. Det gjer det endå meir spennande, seier ordførar Lars Olav Hustad til NRK tidleg søndag morgon.

Ei heil kommune blei onsdag denne veka sett i full beredskap etter at Åknes/Tafjord Beredskap IKS varsla skredalarm ved fjellet «Mannen» i Rauma kommune.

Tidlegare har det blitt estimert at mellom 10-40.000 kubikk med stein kan rase ut. I den nyaste statusrapporten frå beredskapssenteret kjem det derimot fram at heile 120.000 kubikk med stein – altså tredobbel mengde – kan rase.

Ifølgje geologar vil lydar frå fjellet avsløre når skredet går. Fjellmassane beveger seg framleis rundt 7 mm i døgnet, og det har dei gjort dei siste tre vekene.

Hald deg oppdatert på regnvêret her.

(Saken fortsetter under videoen)

Mannen i Romsdal

SJÅ DIREKTE: Sjå direkte frå utviklinga ved "Mannen" i Rauma kommune i Møre og Romsdal.

Mykje nedbør i dei komande dagane

Alle i det rasutsette området er no evakuerte, og mange er spente på når skredet faktisk vil gå. Geologar har tidlegare sagt at dei fryktar at skredet frå fjellet Mannen i Romsdalen kan gå søndag, på grunn av mykje regn.

Laurdag kunne Vervarslinga for Vestlandet melde at tysdag blir endå verre, og dei trur difor at det er større sjanse for at skredet vil gå i starten av den komande veka.

Laurdag formiddag sende Noregs vassdrags- og energidirektorat ut varsel om fare for flaum på grunn av mykje regn. Her blir nedbørsprognosen oppjustert til 50–80 mm på 24 timar.

Ordføraren i Rauma fortel at dei følg nøye med på situasjonen. Geologar frå Åknes/Tafjord Beredskap IKS vil i dag halde fram med målingar på staden, og vil saman ekspertar frå Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) halde fram med å vurdere situasjonen.

– Vi forventar å få ein rapport frå Åknes/Tafjord Beredskap i løpet av dagen ein gong. Då vil det bli spanande å sjå om det har skjedd noko større utvikling enn dei tidlegare dagane, seier Hustad.

Til trass for at det er meldt store nedbørsmengder sundag, er ordføraren innstilt på at det framleis kan bli noko venting.

Rauma - mannen

Laurdag kveld blei 200 sauar evakuert frå det skredutsatte området.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

– Det kan skje når som helst, men vi må nesten berre vente å sjå kva som skjer, seier Hustad.

Imponert over dei evakuerte

To garder blei evakuert, medan togbanen gjennom Romsdalen blei stengt då Åknes/Tafjord Beredskap IKS slo full skredalarm etter aukande bevegelsar i Mannen onsdag ettermiddag.

– Dei fleste er innlosjerte hos vener eller familie og har det etter forholda bra, seier Hustad.

Han fortel at evakueringa er ein uhaldbar situasjon i lengda for dei som ventar på å flytte tilbake, men skryter av korleis dei evakuerte har takla situasjonen i Rauma.

– Det er klart dei er uroa, ventetida er det verste. Men eg må rose dei for måten dei har tatt det på, seier ordføraren.

No håpar dei at skredet skal gå så snart som mogleg slik at dei kan kome tilbake til heimane sine.

– Håpet er sjølvsagt at skredet ikkje blir så stort at det tek med seg hus eller jernbana, seier Hustad.

– No er det ikkje anna å gjere enn å stole på geologane og vente på utfallet, held han fram.

NRK følgjer saka utover dagen.

Rasfare fra Mannen

Denne grafiske modellen av fjellet «Mannen» viser kor stor del av fjellet som kjem til å rase ut i første omgang.

Foto: Marco Vaglieri