NRK Meny
Normal

– Vi går for opprykk

KBK-tilhengjarane er optimistar og satsar på opprykk etter årets sesong.

KBK mot Strømmen

Sjølv om det ikkje vart tre poeng i serieopninga mot Ranheim tysdag, har tilhengjarane trua på at KBK kjem til å rykke opp til eliteserien denne sesongen.

– Det verkar som det er eit betre lag i år og då har vi trua på opprykk, seier leiar for supporterklubben Uglan, Jarl Ivar Eriksen.

Slik var kampen

KBK - Ranheim 0-0

Med ein fornya stadion var det endå betre forhold i Kristiansund ved serieopninga tysdag enn publikum fekk oppleve i fjorårets sesong.

– Dette byrjar å bli veldig bra, skryt Uglan-leiar Eriksen.

Framfor ein fullsett stadion tok KBK imot Ranheim tysdag kveld. Kampen var målfattig og enda 0-0, men stemninga var god og tilhengjarane har klare forventningar om at KBK skal kjempe i toppen av 1.divisjon i årets sesong.

– I år går det bra. Eg håper dei kjem seg opp i eliteserien, seier maskot Henrik Kleivenes.

Sjå intervju med KBK-kaptein Espen Næss Lund etter kampen mot Ranheim:

Espen Næss Lund, kaptein for KBK

Sjå intervju med KBK-trenar Christian Mikkelsen:

Christian Mikkelsen, KBK-trener