NRK Meny
Normal

– Vi følgjer utviklinga svært tett

Fiskenæringa ser med argusauge på utviklinga av konflikten i Ukraina. Nedjustert valuta gjer at kjøpekrafta i landet allereie er redusert.

Sild - Produksjon og pakking

Fiskeribedrifta Brødrene Sperre AS fryktar at situasjonen i Ukraina går utover fiskeeksporten (arkivfoto).

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Dagleg leiar i fiskeribedrifta Brødrene Sperre AS, Inger-Marie Sperre, seier det er mykje spenning i å selje fisk til Ukraina no.

– Det er tidleg å seie korleis eksporten og importen vert påverka. Vi er i løpande kontakt med norske myndigheiter, Noregs sjømatråd og næringsaktørane. Vi følgjer utviklinga svært tett.

Fryktar betalingsproblem

Inger Marie Sperre

Inger-Marie Sperre i Brødrene Sperre AS fryktar for fiskeeksporten som følgje av uroa i Ukraina.

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

Sperre fryktar kundane dei har selt fisk til i Ukraina får problem med å betale for seg.

– Vi er uroa for uteståande fordringar og framtidig eksport. Då tenkjer eg fyrst og fremst på at dei får problem med valutaen sin. Dei vil få lågare kjøpekraft.

Verdien av den ukrainske valutaen har gått ned med 14 prosent den siste månaden. Innbetaling av fiskevarer eksportert til Ukraina har det tradisjonelt vore knytt stor risiko til. Sperre er heilt sikker på at det ikkje vert enklare no.

– Eg forventar større problem. Bakgrunnen for det er ikkje nødvendigvis større uvilje hos kjøparane, men problema dei vil møte når valutaen deira vert svakare og det vert vanskelegare å få tak i vestleg valuta, seier Sperre.

– Menneske først, handel etterpå

Sperre seier bekymringa i bedrifta er lita i høve den bekymringa verdssamfunnet bør ha for det som skjer i Ukraina.

– Det viktigaste er at folk i Ukraina ikkje må lide. Menneske er menneske. Handel får kome etterpå, seier ho.

Det er Øyvind Haram heilt einig i. Han er informasjonssjef i Fiskeri- og Havbruksnæringens Landsforening.

– Som sjømatnæring er vi fyrst og fremst bekymra for folket i området og at dei skal ha det bra. Så får handelen kome i andre rekkje.

– Vil ramme alle

Samstundes kan sanksjonane som USA og Europa truar Russland med, få meir langsiktige konsekvensar for bedrifta. Russland har lenge vore ein stor marknad for pelagisk fisk, som sild og makrell.

– Når vi går mot ein ny sild- og makrellsesong ut på hausten, så er det klart eventuelle sanksjonar har betyding for kor stort volum vi kan kjøpe inn om ein av dei største marknadene våre skulle forsvinne, seier Sperre.

Til dømes vil transportrestriksjonar kunne ramme sjømatnæringa.

– Det vil ramme alle bedriftene, særleg oss som eksporterer sild og makrell og ikkje har så mange alternative marknader. Samstundes vil det ramme laksen svært hardt.

Øyvind Haram seier etterspurnaden etter norsk sjømat er aukande, og at det ikkje er altfor vanskeleg å finne nye marknader.

– Er du einig med han, Sperre?

- Hehe, han er optimist han. Russland er ein stor marknad. Det er krevjande å opparbeide nye marknader med så stort sal av fiskeprodukt. Det vil ta lang tid.

Arbeidsplassar førebels ikkje trua

At arbeidsplassar står i fare, er for tidleg å spekuelere i, meiner Øyvind Haram.

- Det er altfor tidleg å snakke noko om dette. Situasjonen no er uroleg. Så får vi stille oss til norske myndigheiter, som er i kontinuerleg kontakt med både ukrainske og russiske myndigheiter, og sjå kva som skjer.

– Slik situasjonen er no, fryktar du arbeidsplassar i Brødrene Sperre kan verte trua?

– For kvar kilo fisk vi må unnlate å kjøpe, fordi vi føler oss usikre på marknaden, så vil talet på arbeidstimar ved vårt anlegg verte redusert, seier Inger-Marie Sperre og legg til at dei no vil jobbe hardare for å halde seg inne i den russiske marknaden.