Hopp til innhold

– Vi er «underdogs», men skal gi dei kamp

Først slo dei ut Molde av cupen. No tek andredivisjonslaget Brattvåg i mot Rosenborg i den neste runden av cupen.

Brattvåg- Molde cupen 2018

Jubelen stod i taket i Brattvågen då andredivisjonslaget vann over Molde i den andre runden av cupen. No møter dei enno ein sterk motstandar i den tredje runden.

Foto: PER IVAR RORVIK / Brattvåg IL

Med 1-0 på overtid mot Molde stod Brattvåg for ei av «cupbombene» i andre runde i NM i fotball. No møter sunnmørsklubben enno ein sterk motstandar i tredje runde, nemleg Rosenborg. Sportssjef Per Gidlund i Brattvåg utelukkar ikkje at dei kan overraske nok ein gong.

– Fotball er fotball, alt er mogleg. Vi er «underdogs», men vi skal absolutt gi dei kamp, seier han.

– Norges beste lag

Gidlund meiner at laget har bevist at dei kan måle seg med nivået til eliteserielaga i cupen.

– Det er mange som snakkar om «cupbomba» mot Molde, men i 2016 gjekk vi til fjerde runde. I fjor spelte vi ein jamn kamp mot Kristiansund BK i første runden, så vi er eit godt fotballag. Det er heilt klart.

Per Gidlund

Sportssjef i Brattvåg, Per Gilund, meiner dei kan gi Rosenborg ein kamp i den tredje runden av NM-cupen i fotball.

Foto: Frode Berg / NRK

Likevel er han innstilt på at kampen mot Rosenborg blir ei tøff oppgåve for klubben.

– Eg trur vi møter eit skjerpa lag. Vi har slått ut eit eliteserielag, så dei tek nok ikkje seieren for gitt, seier han.

Brattvåg-trenar Karl Oskar Fjørtoft har sjølv spelt på Rosenborg. Også han trur kampen mot RBK vil bli krevjande.

– Dei er Norges beste lag. Det er det verste laget vi kunne møtt, reint sportsleg. Men for bygda og klubben er dette sjølvsagt det beste vi kunne få. Det blir kjempespennande å få RBK på besøk, held han fram.

Ser framover

Sportssjef Gidlund trur fortel at klubben no først og fremst prøvar å halde fokus på søndagens kamp mot Egersund.

– Den kampen er viktigast for oss akkurat no. Og så må vi forbrende oss til denne kampen over helga. Det blir mange kampar på kort tid, så det er avgjerande at spelarane får restituert og ladde opp mentalt.

Laster innhold, vennligst vent..