Serien «Severin» vart
då han kom på lufta i mars. fekk med seg første episode om mannen som 22-åring flytta til den veglause garden på Røneset i Sykkylven.Sakte-TV
Første gong han var på fjernsyn var i 2009,
. I vinter dukka han igjen opp på TV-skjermen, til stor glede for alle som er glade i sakte-TV. To gongar i veka i seks veker har «Severin» vorte vist på NRK1 og denne veka vart siste episode om Severin Rønes og livet hans sendt.– Det er litt vemodig, men det er godt å sjå at det har gått bra og eg trur eg har gjort ein grei figur.
– Kven som helst kan gjere som meg
Severin Rønes gjekk nokre rundar med seg sjølv både før og etter at han sa ja til serien, men no synest han det er ei ære å ha vore med på det.
– Eg er godt fornøgd med korleis serien vart og eg er stolt over at vi har greidd å få fram mange magiske augneblink.
Augneblinka, den flotte naturen på Røneset og levesettet hans har inspirert mange til å ville gjere det same, fortel Severin.
– Dersom ein har viljen og lysta til å gjennomføre det, så kan kven som helst gjere som meg, det er eg heilt sikker på.
Folk vil ha meir
At så mange har sete benka framfor TV-apparatet for å sjå på han synest han er ei stor ære. No når serien er over stoppar folk for å slå av ein prat og mange lurer på om det kjem meir «Severin».
– Andre heng seg opp i feil eg gjer, som å halde øksa feil når eg høgg ved, ler Severin.
Severin Rønes ser ikkje vekk frå at det kan bli ein ny sesong av «Severin», men då vil han ha med seg