Hopp til innhold

– Velkomsten var den beste til no

Atle Pettersen, programleiar for NRKs «Sommeråpent», var imponert over velkomsten då dei kom til Ulsteinvik.

Nadia Hasnaoui og Atle Pettersen

Programleiar for «Sommeråpent» Atle Pettersen var imponert over velkomsten dei fekk i Ulsteinvik.

Foto: NRK

Laurdag klokka 14.00 la sommarbåten MS «Sjøkurs» til kai ved Kommunekaia midt i Ulsteinvik sentrum. Både på kaia og i båtar på sjøen, hadde fleire tusen menneske samla seg for å ønske dei velkommen.

Sommerbåtemn ulsteinvik

Fleire tusen hadde møtt opp for å ta imot sommarbåten.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

– Den var nok den beste til no. Eg trur vi talde minst tre hundre båtar som følgde oss inn mot hamna. På kaia var det fullt av folk og skikkeleg 17. mai-stemning. Det er klart det gjer inntrykk, seier han.

Saman med Nadia Hasnaoui leiar Pettersen tv-sendinga direkte frå Ulsteinvik klokka 21:40 laurdag kveld.

Håpar på like mange oppmøtte

Fredagen var båten i Molde, og det vart både feststemning og frieri på storkaia i romsdalsbyen.

Sommeråpent-programledere 2015

Atle Pettersen og Nadia Hasnaoui leiar sendinga frå Ulsteinvik.

Foto: Julia Naglestad / NRK

– Sendinga frå Molde blei veldig bra. Stemninga var fantastisk, vêret var fint og vi møtte mange flotte menneske, seier Pettersen.

Han kan love eit like tettpakka program med lokale gjestar og gode historier i Ulsteinvik laurdag kveld, og håpar på ein skikkeleg folkefest i kystbyen.

– Vi skal gjere vårt beste for å vise fram Ulsteinvik på ein god måte. Eg håpar det kjem minst like mange folk som tidlegare i dag, om ikkje enno fleire, seier Pettersen og smiler.

Minne for livet

Pettersen, som gjekk om bord i båten førre søndag, fortel at turen nedover kysten har vore ei unik oppleving.

Atle Pettersen

Atle Pettersen har fått minner for livet på turen nedover kysten.

Foto: Silje Bjerknes / nrk

– Høge fjell og lange fjordar. Det er vanskeleg å beskrive kor vakkert det er, ein må nesten oppleve det sjølv, seier han.

Sommarbåten har vekt stort engasjement på si reise sørover og Pettersen føler seg heldig som får vere ein del av det heile.

– Det er utruleg morosamt å sjå kor mykje det engasjerer folk. Klokka kan vere to på natta og likevel står det folk på ein holme med flagg og vinkar til oss, seier han.

– Det er stas å få vere med på dette. Det er eit minne for livet, held han fram.

Sommeråpent direkte frå Ulsteinvik

Laurdag kveld kan tv-sjåarane oppleve Sommeråpent direkte frå Ulsteinvik klokka 21.40.

Direkte. Sommeråpent inviterer til feriehygge med gode historier, spennende gjester og fin musikk. I kveld retter hele Norge blikket mot Ulsteinvik, hvor Sommerbåten ligger til kai. Programledere er Nadia Hasnaoui og Atle Pettersen. (16:41)

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL